Kjenner du at det er rett før det klikkar for deg? Fortvil ikkje! Dei noko utradisjonelle terapeutane Henning H. Bergsvåg og Frode Grytten er tilbake på symposiet med sitt sjukt populære terapirom. Tidlegare har den dynamiske duoen fiksa mindfullness for ein drøss med stressa oddingar, gjort tusenvis av fattigfolk til mangebillionærar og svart på alle spørsmål som publikum måtte ha om livet etter livet. I år byr dei på sinnemeistringskurs.