LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2026

1.-4. oktober

ANNA KLEIVA
ANNA KLEIVA
ANNLAUG BØRSHEIM
ANNLAUG BØRSHEIM
DAG JOHAN HAUGERUD
DAG JOHAN HAUGERUD
ELISE WINTERTHUN
ELISE WINTERTHUN
FREDRIK HAGEN
FREDRIK HAGEN
FRODE GRYTTEN
FRODE GRYTTEN
HALLGRÍMUR HELGASON
HALLGRÍMUR HELGASON
HALVOR FOLGERØ
HALVOR FOLGERØ
HEDVIG MOE
HEDVIG MOE
KARIN SMIRNOFF
KARIN SMIRNOFF
LEANDER DJØNNE
LEANDER DJØNNE
MARIT EIKEMO
MARIT EIKEMO
PEDRO CARMONA-ALVAREZ
PEDRO CARMONA-ALVAREZ
SIMON STRANGER
SIMON STRANGER
STEIN TORLEIF BJELLA
STEIN TORLEIF BJELLA
TEDDY & THE GROOVY BOOKWORMS
TEDDY & THE GROOVY BOOKWORMS
ØYVIND RIMBEREID
ØYVIND RIMBEREID

Littsymp 2021

Vi skal utforske kva som kan skje når den seksuelle lysten riv og slit i kroppen, og vi skal dykke ned i begjær etter ressursar, makt og sjølvrealisering. 

attrå: å ha sterk lyst til å eie eller oppnå, hige etter, trakte etter, ønske (sterkt), ha seksuelt begjær etter. 
- Det Norske Akademis ordbok 

Der erotikken til alle tider har vore ein del av litteraturen, frå Sapfo, via Chaucer og til Henry Miller, verkar det i dag å eksistere eit skarpare skilje mellom erotisk litteratur og såkalla kvalitetslitteratur. Kunne Anaïs Nins Venusdeltaet eller Jens Bjørneboes Uten en tråd ha blitt skrive i dag, og ville det i så fall blitt motteke som seriøs litteratur eller som husmorporno i 50 Shades of Grey-kategorien? Har utførlege sexskildringar blitt kleint og smaklaust? Har pornokulturen fått monopol på framstillingar av erotikk, slik at sex opplevest mekanisk og prestasjonsprega, og mindre relasjonelt? Kvifor visar forskinga at dagens unge, trass i alle nudes og sjølvframstilling på sosiale medier, har mindre sex enn tidlegare generasjonar?
 
Alt i verden handlar om sex, bortsett frå sex, som handlar om makt, skal Oscar Wilde ha sagt. Metoo slo inn som ei bølge i 2017, og reiv med seg fleire mektige samfunnsprofilar. Sidan har offentlegheita vore i ei betent og stridsprega revurdering av kva makt, overgrep og samtykke eigentleg er for noko. Kor går vegen vidare, mellom Weinstein, Giske og kritisk backlash? Korleis kan vi uttrykke begjær for andre, utan å risikere å tråkke over grenser? Korleis skildrar litteraturen dei ulne grenseområda som oppstår i det seksuelle møtet, og finnest det i litteraturen ei mogelegheit for å diskutere dei vanskelege spørsmåla på ein måte som ikkje reduserast til moralske forenklingar? 
 
Det er ikkje berre i seksualiteten attrå er eit relevant omgrep i dag. Ein kan argumentere for at heile vårt sjølvbilde i stadig større grad krinsar kring vår totale attraktivitet. Der liva våre historisk var meir styrt av plikt og kollektivt ansvar, har vi no meir tid og større fridom til å realisere oss sjølve på ulike frontar. I individualismens tidsalder kan det verke som vi alle er ei vare som skal kultiverast og dyrkast til sitt ypperste potensial. Helst skal vi tikke alle boksane: karriere, sosial status, utsjånad og materielle verdiar. Ikkje berre har dette menneskesynet stor påverknad på vår psykiske helse, det har også heilt fysiske konsekvensar for ein klode som er stadig meir overfylt av plast og søppel. Korleis innreflekterer den norske litteraturen desse aspekta, og kan litteraturen tilby ei motstemme mot forbruksmentalitet, varefetisjisme og tingliggjering av mennesket?


ODDA 6. - 10. oktober 2021

< Tilbake