Dei fleste av oss tok ikkje eksamen i korleis ein sløyer fisk, handterer ei sag eller slår eit pålestikk. Du har kanskje stått der rådlaus sjølv, med ein tett kjøkkenvask og ei flaske kvikkfiks som ikkje funkar? Og kva gjer du om du har svelga to Viagra ved eit uhell? Kor mykje aftershave er for mykje? Og kva er eigentleg "godt nok"? Denne hausten er heile Norges skytebas, entreprenør, spelemann og campingplass-konge Leif Einar "Lothepus" Lothe aktuell med ny bok. Saman med journalist Heidi Molstad Andresen har han skrive ein sjølvhjelpsmanual med alt du treng for å takle livet, kjærleiken - og ein tett vask. I boka deler Lothe raust av ferdigheiter det er lurt å ha i verktøykassa - og ein del praktiske triks som berre er jækla kule å kunne. Sleppfest på Lothepus Camping på Hjøllo.