LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2025

2.-5. oktober

Katalog 2025

NÆRE RELASJONAR

Maria Tryti Vennerød møter Charlotte Myrbråten.

Maria Tryti Vennerød er dramatikar og forfattar. I over ti år har ho arbeidd med Nære relasjonar og tematikken kvinner som slår, og arbeidet har tatt mange ulike former.

Romanen kom ut i 2023 og i år sette Det norske teateret opp stykket, basert på eit manus ho skreiv i 2020. Vennerød utforskar korleis noko slikt kan gå føre seg over tid, også i relasjonar der mannen er den som blir utsett for vald, trass i at han oftast ikkje er fysisk underlegen. Maria Tryti Vennerød møter Charlotte Myrbråten til samtale om tema, og om det å skrive for bok og å skrive for teater. 

Ho stod framleis med ryggen til. Eg forstod ikkje kvifor stemninga var snudd. Hadde lyst å ta rundt henne, men måtte venta til augeblinken var rett. Ho ville visst vera i fred; ho verka skjør og rasande på same tid, men det var ikkje nødvendigvis på grunn av meg. Det hjelpte å tenka sånn. Tanken på at eg kunne handtera henne, uansett kor urimeleg ho var, var ikkje berre til hjelp, den rørte meg på ein underleg måte.

program-closed
N%C3%A6re%20relasjonar

Pris

150

Dato og tid

04.10 kl. 14.00

Sted

SENTRALBADET LITTERATURHUS

Medverkande

MARIA TRYTI VENNERØD
MARIA TRYTI VENNERØD
CHARLOTTE MYRBRÅTEN
CHARLOTTE MYRBRÅTEN