LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2025

2.-5. oktober

Katalog 2025

FILMMUSIKK-QUIZ

Med Zebra Duo.

Film- og musikknerdar, forein dykk! No kjem sjansen til å briljere og å sette kunnskapen på prøve når Zebra Duo spelar opp til filmmusikk-quiz! Du kan vente deg live-framføring av kjende og mindre kjende komposisjonar frå filmverda, så anten du har brei kunnskap om film eller berre klisterhjerne og lett minnest kjensla du hadde då du såg ein bestemt film eller filmscene, så er dette quizen for deg.

Topp laget og bli med! Held laget deg tilbake? Det er òg lov å delta åleine.

Påmelding til litteratursymposiet@gmail.com (maks seks personar pr. lag). Gratis.

Zebra Duo er ein musikkduo frå Odda som består av Mihai Sorohan og Lady Albatross. Dei lokale legendene slo seg saman i 2018, og med sterk og brei bakgrunn i jazz, pop, rock og soulmusikk briljerer dei på treblås, messingblås og sang.
program-closed
Filmmusikk-quiz

Pris

Gratis

Dato og tid

03.10 kl. 21.30

Sted

SENTRALBADET LITTERATURHUS

Medverkande

ZEBRA DUO
ZEBRA DUO