LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2025

2.-5. oktober

Katalog 2025

EPLE

Kortfilm av Gunnhild Øyehaug.

Ein mann og ein hund leikar på eit islagt vatn. Ein student utfordrar forelesaren sin. Ein pensjonert professor plantar eit tre. Dei freister fryse tida, men veit at alt likevel går vidare.

Eple er ein kortfilm av Yngvild Sve Flikke, etter originalskrive manus av forfattar Gunnhild Øyehaug som fekk pris for beste manus under kortfilmfestivalen i Grimstad i 2018 for denne. Eple handlar om livet i skjeringspunktet mellom lykke og smerte, om ønsket om å halde fast ved det som er godt, og innsikta i at alt går vidare. Det handlar om å drøyme, om korleis små val kan få store konsekvensar, og om korleis vi brettar oss inn i og ut av kvarandre sine liv.
program-closed
Odda%20kino%2C%20foto%20JHM

Pris

Gratis

Dato og tid

04.10 kl. 19.00

Sted

SENTRALBADET LITTERATURHUS

Medverkande

GUNNHILD ØYEHAUG
GUNNHILD ØYEHAUG