LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2025

2.-5. oktober

Katalog 2025

EKSISTENSIELL FRUKOST

Vigdis Hjorth om Søren Kierkegaard.

Den som har lese Vigdis Hjorths no førti år lange forfattarskap, veit at den danske, eksistensialistiske filosofen Søren Kierkegaard (1813-1855) speler ei heilt spesiell rolle. Ein av Kierkegaards sentrale idear er betydninga av åndeleg utvikling. Heller enn å blindt følge samfunnets konvensjonar, må kvar og ein av oss menneske sjølv ta ansvar for å leve eit sant, reflektert og moralsk ansvarleg liv. Og om ein skal peike på eit felles prosjekt hjå Hjorths romanheltinner, er det kanskje nettopp dette: å frigjere seg frå det usanne og spissborgarlege, også når det kostar i form av brustne illusjonar og brutte familierelasjonar.

Kvifor har nettopp Kierkegaard fått ein slik resonans hjå Hjorth, kva er det ved hans tankar som er så litterært fruktbart? Og korleis utvikler ein seg eigentleg frå overflatisk spissborgar til eit heilstaupt individ? Vi inviterer til frukost med Vigdis. 

program-closed
Eksistensiell%20frukost

Pris

100

Dato og tid

05.10 kl. 10.30

Sted

SENTRALBADET LITTERATURHUS

Medverkande

VIGDIS HJORTH
VIGDIS HJORTH