LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2025

2.-5. oktober

Katalog 2025

LITTERÆR LUNSJ - KANELBUTIKKANE

Julia Wiedlocha om "Kanelbutikkane og andre forteljingar" av Bruno Schultz.


Kanelbutikkane og andre forteljingar skildrar det jødiske miljøet i den no ukrainske byen Drohobytsj, sett frå barndommen til forfattaren og med faren Jakub som midtpunkt. Utvalet i boka består av 15 noveller frå den originale samlinga Kanelbutikkane (1933) i tillegg til Undula, ei tidleg novelle gitt ut under pseudonym. Denne teksten blei først oppdaga i 2019.

Schulz skreiv frå eit område som har høyrt heime både i aust og vest, ein kulturell smeltedigel, ein plass for store politiske omveltingar og stadig skiftande grenser. Han stod med eitt bein i den vestlege modernismen og det andre i den jødiske kulturarven. Den særeigne stilen og forteljemåten til Bruno Schulz har påverka polske forfattarar heilt fram til i dag.

Boka kom nyleg ut i Skalds klassikarar, ein serie av vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket. Omsetjar Julia Wiedlocha presenterer boka og mannen.

program-closed
Julia%20Wiedlocha%20Foto%20Bj%C3%B8rn%20Aagen%C3%A6s

Pris

Gratis

Dato og tid

06.10 kl. 11.30

Sted

SENTRALBADET LITTERATURHUS

Medverkande

JULIA WIEDLOCHA
JULIA WIEDLOCHA