LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2023

4. - 8. oktober

BIKUBESALONG
LITTERÆR KRAFTSTASJON

Katalog 2022

Katalog for program 2022

BIKUBEGANG

Bli med inn i Frode Gryttens univers og det mytiske Odda.

Byvandringa startar utanfor Murboligen, bustadblokka der alle hovudpersonane i romanen Bikubesong bur. Bikubegang er ei vandring i både det litterære og det konkrete Odda, med opplesingar, folkesnakk og historiske kuriosa. I løpet av turen tar Grytten oss til fleire stopp i Odda. Til frelsesarmeen, og den gamle platesjappa til Bessie. Han tar oss med til flytebrygga på kaia der partisekretæren frå Bikubesong ramlar i Sørfjorden straks han går ut av sjøflyet og endar opp med ein våt og uleselig 1. Mai-tale. Når vi kjem til gatekrysset øvst i Gågata, fortel Grytten om slaget i Skrevet i 1931, då kommunistane og sosialdemokratane sine 1. Mai-tog brasa saman i eit gedigent masseslagsmål. Grytten fortel om dei legendariske snopedamene i den gamle snopebutikken i gåtata, tonesett av Odda Storband.

Pris

Gratis

Dato og tid

08.10 kl. 14.00

Sted

MURBOLIGEN

Medverkande