LITTERATUR SYMPOSIET I ODDA 2021

6. - 10. oktober

#IKKJEETTERBOKA
AVHENGIG
BADENOVELLER
BEGJÆR I SOLNEDGANG
BEGJÆR PÅ VILLE VEGAR
BIKUBEGANG
BOWIE-BEGJÆR
DET GRÅDIGE HJERTE
DET GRÅDIGE HJERTE
DRAUMEN OM DET FEILFRIE SPRÅKET
EIT ATTRÅVERDIG FORFATTARSKAP
EKKO, OVID OG ALGORITMANE
EKKO: EIT FOREDRAG OM ALGORITMAR OG BEGJÆR
ELEVKONSERT
ENDELEG
FILOSOFISK FRUKOST
FLØRT
FORNUFT OG FØLELSAR
FOTBALLDEBATTEN: SK BRANN
FOTBALLKAMP
FRÅ LEMMET TIL JERNPLOGEN
HALLO ODDA
HENNES HIVENDE, FNYSENDE FISK
KAMPEN OM SEKSUALMORALEN
KLASSIKARSAMTALEN: MARKI DE SADE
KONSERT: STIAN CARSTENSEN
KONSERT: ZEBRA DUO
KRIMINELT BEGJÆR
LENGSEL ETTER TILHØRIGHET
LESESTUND
LINE - EIT NORSK MORALSKRED
LITTERÆR KRAFTSTASJON
LITTERÆR LUNSJ: GUNNHILD ØYEHAUG
LITTERÆR LUNSJ: MARSTEINS POETIKK
LYDEN AV BEGJÆR
LYSTHUSET: BLEI DU KÅT NO
LYSTHUSET: FREDRIK HØYER
LYSTHUSET: SKEIV AFTEN
LYSTHUSET: SYMPOSION
MEN STØRST AV ALT ER BEGJÆRET
MONO
MØT FREDRIK HAGEN
NATTERAPI
ODDA UNDERGRUNN
OM KRIM
OPNING AV SYMPOSIEUTSTILLINGA
SENTRALBADET LITTERATURHUS 10 ÅR
SENTRALBADET POESI
SENTRALBAR
SEX I BIBELEN
SEX OG KJÆRLEIK HOS MICHEL HOUELLEBECQ
SJAKK MATT
SKRIVEKUNSTAKADEMIET PRESENTERER
SLEPPFEST - TEAM TUVA
SLEPPFEST: LIVSLYST
SMELTEVERKET RUNDT PÅ 100 MINUTT
SMÅSYMP NABOEN MIN
SYMPOSIEUTSTILLINGA: Lars Korff Lofthus
U-BAR
VALD

Katalog 2021

Program2021

Katalog 2021

Program2021

BIKUBESALONG

Eksklusive opplesingar heime hos folk.
Vi har dei siste åra arrangert eksklusive opplesingar i Frode Gryttens bikube, Murboligen i Odda sentrum. Tre bebuarar opnar sjenerøst dørene sine for publikum og let oss arrangere opplesingar i stovene deira.

Frode Grytten les frå Bikubesong i huset der alt starta. Romanen skildrar eitt år her i Murboligen, ein arbeidarbustad i Odda. Her er kjærleik, kidnapping, politikk, løgner, utruskap og Ola Nordmann frå Hardanger. Bikubesong er ein kollektivroman om det mytologiske Odda, varmt og utleverande skildra, men også med eit skarpt innsyn i det norske sosialdemokratiet anno 1999.

Anne Oterholm les frå sin rykande ferske roman Løgnhals: Oliver er 24, han har arva leilegheit og pengar etter mora, som er død, og han reiser til Villefranche medan eks-kjærasten Emma Sofie les til eksamen i leilegheita hans. På stranda møter han Lucy, som arbeider i klesbutikk. Men han kunne like gjerne møtt ei anna, kven som helst. Dei avtaler ein date allereie dagen etter. Oliver har ikkje behov for å ta det med ro. Når han er i Oslo, jobbar han i databutikk. Han et lite eller ingenting, tek seg ein øl, speler dataspel. Let seg drive rundt. Her og der kan han sitje og betrakte folk, gjerne damer. Er det nokon gong sant det han seier? I Oliver si tvilsame utforsking av tilværet piplar det fram eit sterkt ubehag. Løgnhals er eit nådelaust og usentimentalt portrett av ein ung mann.

Geir Gulliksen les frå sin nye roman Se på oss nå: Hans Kaasajordet og Olof Evald er rådgjevarar i eit PR-byrå med oppriktigheit som forretningsidé. Harriet Aakre er leiar for eit distribusjonsselskap for alternativ film. Ingunn Sande er helsebyråkrat på høgt nivå. Salomon Olsen er statsministerkandidat for sosialdemokratane. Hans og Harriet møtest og misliker kvarandre. Likevel oppstår ein sterk dragnad mellom dei. Forbindelsen får store konsekvensar, ikkje berre for Hans og Harriet sjølve, men for born, kollegaer og andre personar rundt dei. Se på oss nå beveger seg uanstrengt mellom det komiske, det pinlege og det inderlege. Det handlar om kor lett menneske knyter seg til kvarandre, kor lett vi mistar oss sjølve til ein annan, og kor vanskeleg det kan vere å hente seg inn att.

 

Venue

200

Dato og tid

fredag 12. oktober kl. 14:00

Medverkande

BIKUBESALONG

Katalog 2021

Program2021

Podcast