Som representantar for sjangrane doom og apocalypse leverer bergensbandet Solstorm musikk som er som skreddarsydd for årets tema, Eksplosjon. Solstorm treff lyttaren som ein straum av flytande karbid frå eit smelteverk. Kontrastane er store mellom mørkret og lyset, det vakre og det stygge, det vare og det tunge. Bandet kombinerer tunge riff, harde trommer og støyveggar med såre melodiar og store, svevande instrumentalparti. Bli med når vi dundrar endestups rett inn i apokalypsen - eller søk dekning i ditt nærmaste tilfluktsrom…