LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2024

2. - 6. oktober

FREDRIK HAGEN
FREDRIK HAGEN
FREDRIK HØYER
FREDRIK HØYER
FRODE GRYTTEN
FRODE GRYTTEN
MARIT EIKEMO
MARIT EIKEMO

Katalog 2023

Katalog for program 2022

Sentralbadet poesi

Linda Klakken, Erlend O. Nødtvedt, Ruth Lillegraven.
Litteratursymposiets program med ny poesi på Sentralbadet Litteraturhus er ein fast og kjærkommen post på programmet. I år har vi gleda av å presentere Erlend O. Nødtvedt, Linda Klakken og Ruth Lillegraven.

I Ruth Lillegravens nyaste diktsamling Manilahallen (Tiden Norsk Forlag, 2014) fortel diktaren historia om Birgits liv. Det er ein biografi i diktform, ei form som lar Lillegraven fortelje om eit liv fylt av smerte, skam, motgang og sjukdom, men også med glede, kjærleik og humor – utan at det kjem for nært innpå livet til ho som er bakgrunnen for verket. Her kan diktaren leike seg med repetisjonar, tid og stad, fortel ho sjølv i eit intervju. For dette er eit liv som er levd også utanfor lyrikken.

Trollsuiten er Erlend O. Nødtvedt si tredje diktsamling. I kjend nødtvedtsk stil vert det gamle blanda med det nye, det arkaiske med det notidige og umiddelbare. Trollsuiten trekk vekslar på gamle tekstar som "Haugtussa", middelalderballadar og folkedikting, men det er Olav Nygards Ved vebande frå 1923 som sterkast kling med gjennom denne eksperimentvillige samlinga som er prega av eit gnistrande språkleg overskot. Tilknytinga til vestlandet, norsk natur og mytologi er sterk i Nødtvedt sine tekstar. I denne samlinga møter lesaren eit avgjort bergensk eg som lengtar etter å frigjere seg frå sitt indre troll og kryss vebandet, gjerdet kring det heilage, i tussmørke sommarnetter der huldra dansar og fossegrimen ventar på sin elev.

Skriv ferdig boka om livet ditt er eit langdikt om Adam, ein førstegenerasjons innvandrar som fortel om eit liv fylt av kvardagar som liknar dine og mine, og ei historie og bakgrunn som mange av oss ikkje eingong kan tenkje oss. Det handlar om jenter og kameratar, om jobb og skule, om familieheim og asylmottak, om menneskeverd og verdighet.

Møt Adam Zamjatin – ein ung mann i konfrontasjon med det vi likar å kalla det nye, moderne Noreg. Eit møte mellom absolutte demokratiske behov og kanskje forlatte demokratiske ideal. Som ein av «dei andre» i det norske samfunnet er utfordringane til Adam utallege og nesten uoverskodelege. Han vil, som så mange andre, alltid være annleis og kanskje aldri akseptert.
 
 
Linda%20Klakken%2C%20foto%20Heidi%20Furre

Pris

Dato og tid

10.10 kl. 16:00

Sted

SENTRALBADET LITTERATURHUS

Medverkande

ERLEND O. NØDTVEDT
ERLEND O. NØDTVEDT
RUTH LILLEGRAVEN
RUTH LILLEGRAVEN
LINDA KLAKKEN
LINDA KLAKKEN