Våren 1844 drog ei gruppe menneske frå Flåm, Aurland og Lærdal til Bergen. Der steig dei ombord på skipet Juno for å krysse havet til Amerika. Opplevingane deira er langt frå unike. Mellom 1836 og 1915 utvandra over 750.000 nordmenn til Amerika.
I anledning utvandrarjubileet 2025 som markerer at det er 200 år sidan den første organiserte utvandringa frå Norge til Amerika, gir forfattar og professor emeritus i arkeologi, Svein Indrelid, ut boka Utvandrerne. I boka følger vi reisefølget frå Sogn på reisa deira til Amerika. Forteljinga er basert på eit stort kjeldemateriale og skildrar korleis det er å bygge livet på nytt i eit ukjent land.