LITTERATUR SYMPOSIET I ODDA 2022

5. - 9. oktober

HALLO ODDA
SMELTEVERKET RUNDT PÅ 100 MINUTT

Katalog 2021

Program2021

BEGJÆR PÅ VILLE VEGAR

Evig din til døden skil oss? Trude Marstein og Sissel Gran møter Kjersti Mjør til samtale om kva som skjer når det trygge kjem på kollisjonskurs med begjæret.

Å ha elskarar og elskarinner er kanskje vanleg i Frankrike, men her er det framleis skambelagt, sjølv om forsking viser at utruskap vil angå dei fleste av oss på eit eller anna tidspunkt i livet. I monogamiet vert det forventa at ein skal vere trufast, halde seg til den eine og ikkje gi etter for det ulovlege suget etter spaning. 

I tidlege fasar av eit forhold er det lett å halde seg til samfunnets krav om monogami, men i mange ekteskap kjem kvardagen på eit tidspunkt i vegen for begjæret: Etter år med husarbeid, bleieskift og tidsklemma har ofte begjæret dabba av. Utruskap er ein katastrofe for parhold basert på eksklusivitet. Likevel skjer det igjen og igjen.

I Trude Marstein sine romanar står hovudpersonane ofte i spagaten mellom omsorg og kjærleik, og forbodne kjensler som kan oppstå mellom menneske. Ove i Hjem til meg er ein trygg og positiv norsk fastlege, godt gift og med barn, som ikkje klarar å styre begjæret sitt. Han er utru i alle sine ekteskap og går frå det eine til det andre forholdet. Sissel Gran er psykolog, spaltist og forfattar av “Men størst av alt er begjæret. Kjøttets higen i liv og litteratur”.  Som samlivsterapeut har Gran høyrt mang ei forteljing om begjær på ville vegar: Om kortvarige affærar, one night stands og langvarige sideforhold, og om korleis skam følgjer i kjølvatnet av utruskap. 
 

Pris

200,-

Dato og tid

09.10 kl. 12.00

Sted

ODDA KINO

Medverkande

SISSEL GRAN
TRUDE MARSTEIN
KJERSTI MJØR