Kva skjer når himmellekamar smell saman i ufattelege kraftutbrot? Astrofysikar Knut Jørgen Røed Ødegaard tek oss med ut i eit univers der eksplosjonen er sjølve drivkrafta: frå dei minste atomkollisjonane som får stjerner til å tennast, til solstormar som kan lamme teknologi på jorda, frå vulkanske utbrot på ismånar til gigantiske stjernesmell, galaksekræsj og det store smellet som starta alt. Her er meteorittregn, svoltne svarte hol og gammaglimt som kan setje heile eksistensen i spel. Med smittande formidlarglede og brennande entusiasme fortel Ødegaard om dei vakraste, villaste og mest valdelege kreftene i universet – og kvifor dei har noko å seie for oss. Familieprogram.