LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2023

4. - 8. oktober

BIKUBESALONG
LITTERÆR KRAFTSTASJON

Katalog 2022

Katalog for program 2022

TRANS-SOVJET EKSPRESS

Kjartan Fløgstad. I samarbeid med Senioruniversitetet.
«Eg har vore forfattar og delegat i Moskva, Tallinn, Jerevan, og i Syftikar, hovud staden i Komi-republikken. Eg har bada i Pitsunda ved Svartehavet. I Norilsk i Nord-Sibir har eg ræppa om E 76 over Haukelifjell på kulturpalasset med 42 grader minus utanfor vindaugo. Eg har drukke kvas frå tankbil og vodka av flaska.»

I 40 år har Kjartan Fløgstad reist i Russland, gjennom underjordiske katedralar, luftslott og revolusjonære ruinar. Frå Sibir til Austersjøen, frå Svartehavet til Kolahalvøya har han sett stadig nye sider av eit forunderleg naboland. No reiser han austover på ny - 100 år etter den store revolusjonen. I denne boka oppsøker Fløgstad restane av Sovjetunionen slik dei ser ut i dag - arkitektur, byplanar og monument, både revolusjonære ruinar og fråflytta luftslott, utopiar og mareritt. Både i dagens Russland og i andre delar av den tidlegare Austblokka spør Fløgstad kva som står att av dette korte hundreåret med sovjetsosialisme. Og ikkje minst: Kva betyr desse minna i dag? I mur og glas og stål og betong og laminat er ein særegen arv framleis med oss, rett over grensa til vårt største naboland mot aust, som minne om draumen om eit anna samfunn. Dette er òg ei personleg reise gjennom fem tiår av historia til vårt store naboland i aust.

I samarbveid med Senioruniversitetet.
 

 

Pris

SU

Dato og tid

12.10 kl. 11:30

Sted

ODDA KYRKJE

Medverkande