LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2023

4. - 8. oktober

BIKUBESALONG
LITTERÆR KRAFTSTASJON

Katalog 2022

Katalog for program 2022

SOVJETISTAN

Foredrag ved Erika Fatland.
Ei reiseskildring frå ei verd nesten ingen nordmenn kjenner, ved forfattar og sosialantropolog Erika Fatland. 
Det er 25 år sidan Sovjetunionen braut saman og fem nye land såg dagens lys i Sentral-Asia: Turkmenistan, Kasakhstan, Tadsjikistan, Kirgisistan og Usbekistan. I boka Sovjetistan"(2014) skildrar forfattar og sosialantropolog Erika Fatland ei reise gjennom desse landa.

Sovjetistan gjekk til topps i lesekampanjen til biblioteka, Heile Hardanger og Voss les.  

Dei tidlegare sovjetrepublikkane Kasakhstan, Kirgisistan, Tadsjikistan, Turkmenistan og Usbekistan blei sjølvstendige då Sovjetunionen braut saman i 1991. Korleis har landa utvikla seg sidan? Kva er deira framtid med nyvunne olje- og gassressurser og med Putins Russland som igjen tenker ekspansivt?

Erika Fatland skildrar både nær og fjern historie, kulturen og samfunna. Ho gjev innsikt i korleis sovjetarven har prega landa, der styresett varierer frå demokratiske forsøk til reint diktatur – nokre med ein personkult som knapt kjennar sin like i vår tid. I spennet mellom Samarkands skattar og sovjetarkitekturens tristesse, beveger Erika Fatland seg med eit ope blikk.

Ei reiseskildring frå ei, for mange, ukjend verd.
 

Pris

Gratis

Dato og tid

15.10 kl. 13:00

Sted

ODDA BIBLIOTEK

Medverkande