LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2024

2. - 6. oktober

FREDRIK HAGEN
FREDRIK HAGEN
FREDRIK HØYER
FREDRIK HØYER
FRODE GRYTTEN
FRODE GRYTTEN
MARIT EIKEMO
MARIT EIKEMO

Katalog 2023

Katalog for program 2022

SEVJE

Gabriel Fliflet, Anders Røine (langeleik, fele, kor), Mathias Eick (trompet), Jørgen Sandvik (gitar, kor) og Kristoffer Chelsom Vogt (kontrabass, kor). La sevja stige!
Han har alltid budd i musikken. Den har gjeve energi, og vore eit lukkeleg levebrød. Støl i kroppen, men spretten i musikken, har Gabriel Fliflet reist land og strand rundt i førti år. Som moden mann har han blitt ein produktiv musikkmakar, med melodisk teft.

I Sevje syng Gabriel eigne melodiar, med nerve og nærvær. Eigne ord og tekstar av Robert Burns, Per Olav Kaldestad, Kjartan Fløgstad og andre. Her er viser med eit fast handtrykk og melodiar ein ikkje vil krangle med. Klangbotn frå eit liv i mang slags folkemusikk.

Gabriel speler på piano eller trekkspel. Utsøkte musikarar er med han på scena: Anders Røine (langeleik, fele, kor), Mathias Eick (trompet), Jørgen Sandvik (gitar, kor) og Kristoffer Chelsom Vogt (kontrabass, kor). La sevja stige!
 
Konserten markerer frisleppet av CD´en Sevje. Den gis ut av Etnisk Musikklubb, og er Gabriel Fliflets fjerde soloplate. Fleire av songane er henta frå Gabriel sine konsertprosjekt «Rose» (Vossjazz 2016) og «Sanger fra byen» (Festspillene i Bergen 2016).
 

 

 
 

Pris

250

Dato og tid

13.10 kl. 18:15

Sted

ODDA KYRKJE

Medverkande

GABRIEL FLIFLET
GABRIEL FLIFLET
MATHIAS EICK
MATHIAS EICK