LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2024

2. - 6. oktober

FREDRIK HAGEN
FREDRIK HAGEN
FREDRIK HØYER
FREDRIK HØYER
FRODE GRYTTEN
FRODE GRYTTEN
MARIT EIKEMO
MARIT EIKEMO

Katalog 2023

Katalog for program 2022

SCANDINAVIAN STAR - katastrofen og skandalane

Foredrag ved Kjell Ola Dahl: Heilt sidan bilferja Scandinavian Star brann natt til 7. april 1990, då 159 menneskeliv gjekk tapt, har saka vore omgitt av ubesvarte spørsmål, spekulasjonar og rykte.
Heilt sidan bilferja Scandinavian Star brann natt til 7. april 1990, då 159 menneskeliv gjekk tapt, har saka vore omgitt av ubesvarte spørsmål, spekulasjonar og rykte. Brannar oppstod fleire stader om bord, noko som peika i retning av eldspåsetjing. I ettertid viste det seg vanskeleg å slå fast kven som reelt eigde ferja. Norske styresmakter fekk oppdraget med å undersøkje årsaka til ulukka. I mars 1991 vart ein dansk lastebilsjåfør peika ut som mogleg brannstiftar. Han omkom i brannen. Frå teknisk sakkyndige vart påstand om sabotasje og mogleg forsikringssvindel tidleg sett fram. Frå dei etterlatne sin organisasjon vart det difor reist krav om ny gransking. Slike krav vart fleire gonger avvist av norsk og dansk påtalemakt.

Ei grasrotrørsle for ny etterforsking har gjennom mange år drive saka vidare, og i 2014 sette norsk politi i gang ny etterforsking. Dei konkluderte i 2016 med at dei ikkje fann bevis på forsikringssvindel eller at det skulle vere meir enn ein gjerningsmann. Kritikarane meiner politiet har oversett sentrale fakta, unnlate å forhøyre mistenkte og late vere å gå aktørane sine forklaringar etter i saumane.

Kjell Ola Dahl er ein del av denne grasrotrørsla. Han har følgt saka tett sidan 2010 og har skrive to bøker om saka. I årets bok, Scandinavian Star. Katastrofen og skandelene, gjev han eit oversiktsbilete over hendingane i løpet av brannen, følgjer moglege gjerningsmenn om bord og pengestraumane rundt skipet, og han viser kvifor han meiner politiets konklusjon ikkje kan bli ståande som siste ord i saka.

Dahl held foredrag om korleis kapitalen klarte å manøvrere unna offentleg søkelys og rettsforfølging i 1990 – og korleis kapitalinteresser har klart å halde regi på utviklinga i saka i  åra sidan, og han dreg fram skitne sider ved samarbeid mellom politi og presse, og unnfallande og feige politikarar.


 

Kjell%20Ola%20Dahl%20Foto%20Rolf%20M_%20Aagaard

Pris

100

Dato og tid

13.10 kl. 17:00

Sted

ODDA BIBLIOTEK

Medverkande

KJELL OLA DAHL
KJELL OLA DAHL