LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2024

2. - 6. oktober

FREDRIK HAGEN
FREDRIK HAGEN
FREDRIK HØYER
FREDRIK HØYER
FRODE GRYTTEN
FRODE GRYTTEN
MARIT EIKEMO
MARIT EIKEMO

Katalog 2023

Katalog for program 2022

RESPONSMANI OG VEGEN TIL WOMEN'S MARCH

John Erik Riley om responsmani, smarttelefoner og overvåking.
Dei små telefonane og kameraene våre får oss til å sjå verda. Vi registrerer omgivelsane våre og kringkastar dei. Samstundes gjev desse einingane oss repons. Dei lyser, vibrerer og piper. Kva gjer denne responsmanien med oss? Kva slags overvakningskultur er det med på å skape? Og fins det nokon veg ut av den?
Foredraget til John Erik Riley byrjar med forteljinga om ein påskjøna amerikansk forfattar som vart overvaka av FBI i fleire tiår, mistenkt for å vera terrorist. Han trekk band mellom denne historia og overvakninga han ser rundt seg; i alminnelege forhold, blant foreldre som nyttar app-ar til å følge med på eigne born, og naboar som utforskar naboens eigedomar ved hjelp av droner.

Reisa bringer han rundt om i verda, til KGB-museet i Tallinn, Banksys storprosjekt Dismaland i Weston-super-Mare og til Women’s March i Washingson D.C. Til slutt hamnar vi i ørkenen i Sørvest-USA. Foredraget er ei utforsking av moglege frirom og fristader, som understrekar kor naudsynt det er å lausrive seg, kople av og fristille seg, spesielt når politikken er så betent og polarisert som den er no.

Eller sagt på ein annan måte: ofte teikner ein opp eit skilje mellom stillstand eller tilbaketrekning på den eine sida, og politisk handling på den andre. Men i responskulturen heng det eine tett saman med det andre. Responsmanien gjer det naudsynt med nullstilling i periodar. Ved å fristille seg, reflektera, og ved hjelp av introspeksjon, blir vi i stand til å aksjonera, til å forandra verda, om det så skjer på mikroplan.
John%20Erik%20Riley%20foto%20J%C3%B8rn%20H%20Moen

Pris

Gratis

Dato og tid

12.10 kl. 17.00

Sted

SENTRALBADET LITTERATURHUS

Medverkande

JOHN ERIK RILEY
JOHN ERIK RILEY