LITTERATUR SYMPOSIET I ODDA 2021

6. - 10. oktober

BIKUBEGANG
HALLO ODDA
LITTERÆR KRAFTSTASJON

Katalog 2020

forside%20katalog2020

Orgelfest

Øyvind Rimbereid og organist Sigbjørn Apeland framfører "Orgelsjøen". Pedro Carmona-Alvarez les frå "Sanger for kor". I samarbeid med Odda Orgelfestival.
I samarbeid med Odda Orgelfestival inviterer vi til Orgelfest i kyrkja.

Øyvind Rimbereid les frå Orgelsjøen, i tospann med organist Sigbjørn Apeland. Pedro Carmona-Alvarez les frå fjorårets diktsamling Sanger for kor.

I «Orgelsjøen» tolkar og fremfører Øyvind Rimbereid verdshistoria gjennom variasjonar av orgelmetaforar. Organist og komponist Nils Henrik Asheim gav Rimbereid i oppdrag å skrive tekstar til opplesing ved innviinga av instrumentet i det nye konserthuset i Stavanger. Rimbereid utvikla materialet vidare i diktboka Orgelsjøen (2013), ei bok som fekk svært god kritikk. Rimbereid gjekk til orgelhistoria, til fugen og til stumfilmorgelet, til den blå tonen i el-orgelet, og vidare til orgelet som byggverk. Han gjekk inn i orgelhuset, gjennom irrganger og mange pipestemmer. Og han gjekk frå orgelet til fabrikkpipene, til granatkastaren, til sveiseglimtet, til røntgenbølgjer, til fotosyntesen. Til orgelet som stat.

Poet, musikar og forfattar Pedro Carmona-Alvarez gav i fjor ut Sanger for kor. Her er det kollektivet sine stemmer vi får høyre, i eit fleirstemmig, labyrintisk verk. Som ein ekte mytoman starter Carmona-Alvarez med sin versjon av skapelseshistoria. Ei stemme blir til, faren skjæres laus frå eit tre, barna gravast frem, og alle ting får namn og form. Etterkvart tar vi’et (koret) sin plass i byen, og Carmona-Alvarez skildrar ein slags sivilisasjon. Dikta får spor av levd erfaring, og mytene begynner å gi meining til nokons liv.

 

Pris

150,-

Dato og tid

09.10 kl. 18:00

Sted

ODDA KIRKE

Medverkande