LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2023

4. - 8. oktober

BIKUBESALONG
LITTERÆR KRAFTSTASJON

Katalog 2022

Katalog for program 2022

Ordbok for underklassen

Med Ordbok for underklassen slår forfattarane Arne Klyve og  Jon Severud tilbake mot byråkratispråk og nyord frå næringslivet. Boka er ei skarp og lettbeint sjølvhjelpsbok som avkler politikarspråk og frustrerande moteord i arbeidslivet.Det var eit naturlig val å invitere dei to forfattarane til Litteratursymposiet i Odda.

Lenge har arbeidstakarar vore heimsøkt av eit kvelande kontrollbyråkrati med omfattande rapporteringskrav. Det blir spurt etter  «kundematriser» og «biomasse», det blir inkalla til  «dialogmøter» og  «kriterier for måloppnåelse» blir etterlyst. Terminologi frå vareproduksjon smyg seg inn overalt og tomt svada er på alle leiarar sine lepper. Språket kan forsterke avmaktskjensla hos mange.

Klyve og Severud gir ei oversikt over nyord som invaderer kverdagen vår. Med skarpt blikk og humor analyserer dei ord det går inflasjon i og viser dei fram som ofte tanketomme hersketeknikkar. Etter å ha møtt forfattarane i Odda, kan du slå tilbake og avsløre dei språklige hersketeknikkane som bedriftsøkonomien og New Public Management har innført på arbeidsplassen din.

«medarbeidertilfredshetsundersøkelser:  Egnet dialogforum til å ta opp arbeidsmiljøproblemer, for eksempel notoriske belastningsskader fra eksponering for ubegripelig lange ord.» [fra boka]

TORSDAG kl. 11.30, Meieriet (i samarbeid med Senioruniversitet i Odda)
FREDAG kl. 11.00 Biblioteket, bedriftsbesøk Odda kommune

Pris

Dato og tid

10.10 kl. 11:30

Sted

ODDA KYRKJE

Medverkande