LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2024

2. - 6. oktober

FREDRIK HAGEN
FREDRIK HAGEN
FREDRIK HØYER
FREDRIK HØYER
FRODE GRYTTEN
FRODE GRYTTEN
MARIT EIKEMO
MARIT EIKEMO

Katalog 2023

Katalog for program 2022

OPNING AV SYMPOSIEUTSTILLINGA

Årets symposiekunstnar er Lars Korff Lofthus.
Billedkunstnar Lars Korff Lofthus forsøker å lage tablå der natur, begjær og tradisjon flyt saman i nye situasjonar. Tematisk kan arbeidet hans karakteriserast som ei undersøking av forholdet mellom identitet og stad, om posisjonar i miljø der ein både er framandgjort og heime. Han ser etter materiale i til dømes museumsarkiv, bøker og foto, og homo-erotikk på nett.

I essayet Om å måle ølbollar i Hardanger, om Korff Lofthus si utstilling Drik av mig som en fuldkommen Mand på Hordaland kunstsenter i sommar, skriv Bjørn Hatterud:


“Vi ser ei lita handfull skulpturar i treverk og ei mengde målarstykke. I desse verka er det som om tre kunstnarskap kolliderer. La oss starte ved motivkrinsen. 

Vi ser ei mengde bollar, ved nærare augesyn er dei ølbollar, og det er tekstar frå ein av desse som har gjeve utstillinga tittelen sin. Det er framskåp og åklede, dukar og ulike andre møblar. Det er som å sjå inn i eit lokalt folkemuseum ein plass vestpå. Samstundes er det mykje natur, tre, fjell og fjordar – slikt som får oss til å tenkje på landskapsmåleri a la nasjonalromantikken. Dette er det fyrste kunstnarskapet. 

Innimellom desse antikvitetane og den fagre naturen er det ei mengde av storvaksne karar, med godt med skjegg og kroppshår. Her finn vi det andre kunstnarskapet. Det er som om ein pornograf har dukka opp og måla nokre av bileta. Menn som held ølbollar i skrittet eller har fått måla mønster på seg, som vi kjenner att ifrå museale objekt, som dei lenger opp. Andre nyt av kvarandre. Dette er karar som har kroppar som solide arbeidarar eller bønder. Samstundes er dei måla som objekt for seksuell attraksjon. Det er mykje info om kvarandre her!

Det tredje elementet i verka, som ifrå eit tredje kunstnarskap, er det målariske og tekniske. Her finn vi vassfarger, akrylmåling og teikning om kvarandre. Eit breitt spenn mellom representasjon i representerande og realistisk tradisjon over til abstrahering – der motiva går over til flater, former og farger. Skulpturane som er forma som ølbollar har renning i målinga som om dei var abstraktekspresjonistiske action paintings. I motivkrinsen finn vi òg museale tekstilar og skåp der utsmykkingane kan minne om tidleg modernistisk tradisjon. Og altså, over alt dukkar desse storvaksne mennene opp. Som har lyst på kvarandre, eller som innbyr oss til å få lyst på dei.”  

Ei tidleg undersøking av materiale vart vist på Sommarutstillinga på Sentralbadet 2019: soloutstillinga Ølbollerim. Årets Symposieutstilling er utdrag av arbeidet, der skulpturane meir enn måleria får stå fram. Utstillinga vert vist rundt om i Sentralbadet litteraturhus.  
 
Lars-Korff-Lofthus-at-Hordaland-Kunstsenter-5

Pris

Gratis

Dato og tid

06.10 kl. 15.00

Sted

SENTRALBADET LITTERATURHUS

Medverkande

LARS KORFF LOFTHUS
LARS KORFF LOFTHUS