LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2024

2. - 6. oktober

FREDRIK HAGEN
FREDRIK HAGEN
FREDRIK HØYER
FREDRIK HØYER
FRODE GRYTTEN
FRODE GRYTTEN
MARIT EIKEMO
MARIT EIKEMO

Katalog 2023

Katalog for program 2022

ONEIRON (DRØM)

Laura Lindstedt i samtale med Hilde Kvalvaag om “Oneiron”. MERK - PÅ ENGELSK.
Oneiron er ein fascinerande og djupt original fantasi om sekunda etter døden. Sju kvinner har hamna i eit tomt, kvitt rom. Tida slik vi kjenner den, har opphørt. Kvinnene veit ikkje kor dei er, eller korleis og kvifor dei har endt opp her. For å prøve forstå, ruller dei opp eigne liv.

Det kvite rommet vert fylt av forteljingar: Performancekunstneren SHLOMITH frå New York har brukt kroppen sin som kunstobjekt i eit livslangt forsøk på å iscenesette kvinneleg og jødisk liding. Den russiske rekneskapsføraren POLINA treng ikkje andre så lenge ho har bøkene, livets store mysterium og alkoholen. Brasilianske ROSA IMACULADA har fått nytt hjarte av ein ung gut, men har kanskje for tette band til donoren sin sorgtunge far. Franske NINA har eit godt liv. Ho er ung, vakker, rik, gravid med tvillinger – og ektemannen bedrar henne. Den nederlandske reinhaldaren WLBGIS har strupekreft. Taleevna er borte, og ho har berre eitt ønske: at sonen skal la henne vere i fred. Senegalesiske MAIMUNA er villig til å strekke seg langt for å oppfylle draumen om ein modellkarriere i Vesten. Og ULRIKE fra Østerrike er ein utforskande syttenåring med sommarjobb i det som ein gong var Hitlers Ørnerede. Det handlar om misbruk og avhengigheuit, om utferdstrang og heimlengsel, om fattigdom og rikdom -og forestillingar om noko anna. For livet som var levd, kva var det eigentleg? I ein bevegeleg og levande prosa undersøker Laura Lindstedt kva som kan skje når maktstrukturar vert brotne ned og dei stumme får ei stemme. 

Møt Laura Lindstedt i samtale med Hilde Kvalvaag. Samtalen går føre seg på engelsk.

Pris

100,-

Dato og tid

12.10 kl. 12:00

Sted

ODDA BIBLIOTEK

Medverkande

LAURA LINDSTEDT
LAURA LINDSTEDT
HILDE KVALVAAG
HILDE KVALVAAG