LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2024

2. - 6. oktober

FREDRIK HAGEN
FREDRIK HAGEN
FREDRIK HØYER
FREDRIK HØYER
FRODE GRYTTEN
FRODE GRYTTEN
MARIT EIKEMO
MARIT EIKEMO

Katalog 2023

Katalog for program 2022

LITTERATUR PÅ LOFFEN

Knut Markhus og Ida Lødemel Tvedt. Ordstyrar er Jens Kihl.
Reiselitteratur er ein eldgammal sjanger, som strekker seg frå Pausanias’ reiseskildringar frå oldtidas Hellas, via eventyrlege fiksjonsforteljingar som Gullivers reiser av Jonathan Swift, til moderne kulturkritisk essayistikk av mellom andre Teju Cole eller Geoff Dyer.

Ida Lødemel Tvedt fekk i 2019 mykje merksemd for langessayet Marianegropen, som strekker seg frå Brooklyn til Hovdebygda med pit stops eit mylder av stader, og har skrive reiseessays i Dag og tid. No jobbar ho med ei ny bok kor reisetilstanden spelar ei sentral rolle. Knut Markhus er historikar og har skrive fleire bøker med reise som utgangspunkt, mellom andre Ein Edens hage om 1800-talets reiseskildringar av Hordaland og årets bok, Underdeilig! (Hardanger si reiselivshistorie).

Kva tenker dei to forfattarane om å skrive om, og i, transitt? Kan ein fange noko djupt og sant ved kulturar som midlertidig, utanforståande observatør, som ein ikkje får auge på som fastbuande? På kva måte er reise fruktbart som litterært utgangspunkt, og kva for fallgruver finst det som skrivande turist?

Pris

150

Dato og tid

10.10 kl. 12:00

Sted

KINOSALEN

Medverkande

KNUT MARKHUS
KNUT MARKHUS
IDA LØDEMEL TVEDT
IDA LØDEMEL TVEDT
JENS KIHL
JENS KIHL