LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2023

4. - 8. oktober

BIKUBESALONG
LITTERÆR KRAFTSTASJON

Katalog 2022

Katalog for program 2022

GRATIS UTEKONSERT - MICROBANDET

Total uforutsigbar utekonsert på Lindeplassen.
Microbandet er kvemmingane som likar å leike musikarar på seine kveldar. Etter fem år i musikkbransjen er mottoet framleis «ingen forventingar»! Microbandet har trass dette smålåtne mottoet etter kvart opparbeidd seg ein ganske anstendig cv: dei har opna Jolajazzen på Voss, spelt på Bygdalarm i Øystese, på Dei nynorske festspela i Ørsta, Poesifestivalen i Ulvik og endeleg - på Litteratursymposiet i Odda.  

Når Brit og Kjersti står klare på Lindeplassen kan ein vente seg Britney Spears i køntriversjon, og kanskje ein Hellbillies låt i cha-cha-cha takt? Om du ikkje har høyrt duoen før, er sjansen komen. 

Brit Aksnes (gitar, vokal) og Kjersti Døssland (Yamaha-synth, vokal)

Pris

Gratis

Dato og tid

13.10 kl. 15:00

Sted

PORTEN

Medverkande