LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2024

2. - 6. oktober

FREDRIK HAGEN
FREDRIK HAGEN
FREDRIK HØYER
FREDRIK HØYER
FRODE GRYTTEN
FRODE GRYTTEN
MARIT EIKEMO
MARIT EIKEMO

Katalog 2023

Katalog for program 2022

FABRIKKBYANE

Foredrag v/ Eva Røyrane om industristadene sin arkitekturarv.
Dei tre fabrikkbyane i Hardanger, Ålvik, Tyssedal og Odda, er ikkje store, men dei har eit rikt bygningsmiljø. Industrireisinga førte med seg store endringar for dei små jordbruksbygdene inst i Hardanger. Odda gjekk frå å vere ei lita bygd med nokre hundre fastbuande. Odda, eller Odde, var rett nok ein attraktiv turiststad med 11 hotel og mange reisande, men ingen kunne sett for seg den eksplosjonsarta utviklinga   som kom i kjølvatnet av fossespekulantar og industrireisarar.  
Landets beste arkitektar var involverte då dei nye industristadene skulle reisast tidleg på 1900-talet. Odda vaks fram som ein godt planlagd by, med sentrumsgater, bygårdar og urbane kvalitetar. Både  Odda, Tyssedal og Ålvik er fabrikkbyer med ei heilt spesiell byhistorie og eit interessant bygningsmiljø. Her er forseggjorde arbeidarstrøk, fornemme villaer, imponerande skulebygg, monumentale kraftstasjonar og dominerande industrianlegg.

Kva skjer når fabrikkbyen blir kulturarv? Korleis står det til med industriarkitekturen og forvaltinga av bygningsmiljøet etter den første norske storindustrien?
Foredag ved forfattar av boka Fabrikkbyane, Eva Røyrane.

Pris

50,-

Dato og tid

08.10 kl. 15:30

Sted

SENTRALBADET LITTERATURHUS

Medverkande

EVA RØYRANE
EVA RØYRANE