LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2024

2. - 6. oktober

FREDRIK HAGEN
FREDRIK HAGEN
FREDRIK HØYER
FREDRIK HØYER
FRODE GRYTTEN
FRODE GRYTTEN
MARIT EIKEMO
MARIT EIKEMO

Katalog 2023

Katalog for program 2022

Tema for 2022

Tema for Litteratursymposiet i Odda 2022 er A4! 

Det Norske Akademis ordbok definerer A4 på to måtar: Anten som eit papirark på 210 x 297 millimeter, altså standardstørrelsen på ei utskrift eller eit offentleg dokument, eller i overført betydning, som «uspennende» eller «konvensjonell». 

A4 er i utgangspunktet det perfekte format som ingen andre format kan måle seg med. Berre A-formatet har den egenskapen at dersom du brettar eit A-format så får du det neste A-formatet som er identisk, berre halvparten så stort. Trass sine ideelle eigenskapar: Det er noko klamt over ordet A4, noko trangt og kvelande, uinspirerande og grått. Kven vil eigentleg leve i ein boks, når ein kan vere spesiell?
«Det finst ingenting verre i livet enn å vere heilt ordinær», seier den unge, aspirerande fotomodellen Angela i kultfilmen «American Beauty» (2000). Sitatet fangar kanskje mentaliteten som har prega ungdomskulturen dei siste tiåra, ja, heilt sidan kjendiskultur for alvor vart eit fenomen i takt med film og TV: Den store draumen om å bli ei stjerne. I vår tid har grensene mellom det vanlege og det ekstraordinære blitt meir flytande, når kven som helst kan ha flaks og slå igjennom på internettmedium som Instagram og Tiktok. 
Men dei fleste av oss endar trass alt med ganske uspektakulære liv, der vi verken vinn OL-gull eller ein Oscar. Liva våre følger typisk same mønster: utdanning eller læretid, ein heilt OK jobb, etablert forhold, barn, kanskje ei skilsmisse, ei roleg pensjonisttid. Det er kvardagar det er flest av, har vi erfart etter nokre år på jorda. Må eit A4-liv være uinspirerande? Kva er det vakre og meiningsfulle i det nære og kvardagslege? Kan litteraturen hjelpe oss å få auge på det, den som har gitt alt frå trillebåra i hagen til katten på tunet noko poetisk og storslått?

Parallelt med ekshibisjonisme og store draumar, finst eit anna trekk ved oss menneske som er minst like sterkt: behovet for å vere ein del av flokken, for å bli godtatt og akseptert av samfunnet. Frå mennesket først opna augo har vi vore heilt avhengige av kvarandre for å overleve, vi treng nettverk og lokalsamfunn. Det blir ofte sagt at i Norge, dette vesle, gjennomsiktige samfunnet, er det vanskeleg å bli inkludert for den som er annleis, til dømes om ein tilhøyrer ein etnisk eller seksuell minoritet. Det er OK å skilje seg ut, men ikkje for mykje, ikkje for konfronterande, og ikkje på feil vis.

Kor breiddt definerer vi den nasjonale fellesskapen, og kor opne er vi for andre typar samliv og familiefellesskap? Har rammene for kva som er normalen endra seg den siste tida?
< Tilbake