LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2024

3. - 6. oktober

ASBJØRN SLETTEMARK
ASBJØRN SLETTEMARK
CHARLOTTE MYRBRÅTEN
CHARLOTTE MYRBRÅTEN
ELISE WINTERTHUN
ELISE WINTERTHUN
FREDRIK HAGEN
FREDRIK HAGEN
FREDRIK HØYER
FREDRIK HØYER
FRODE GRYTTEN
FRODE GRYTTEN
FRODE HELMICH PEDERSEN
FRODE HELMICH PEDERSEN
GUNNHILD ØYEHAUG
GUNNHILD ØYEHAUG
LADY ALBATROSS
LADY ALBATROSS
LARS KORFF LOFTHUS
LARS KORFF LOFTHUS
LEANDER DJØNNE
LEANDER DJØNNE
MARIA TRYTI VENNERØD
MARIA TRYTI VENNERØD
MARIT EIKEMO
MARIT EIKEMO
MERETE JONVIK
MERETE JONVIK
SUMAYA JIRDE ALI
SUMAYA JIRDE ALI
TORA SANDEN DØSKELAND
TORA SANDEN DØSKELAND
VIGDIS HJORTH
VIGDIS HJORTH
WENCKE MÜHLEISEN
WENCKE MÜHLEISEN

Katalog 2023

Katalog for program 2022

Symposiet oppsummert

Årets Litteratursymposium i Odda hadde tema A4, og breidda har aldri vore større: Frå oppmålingsingeniøren til skeive ikon, jazzkonsert med trans-performance, via adopsjon til techno. Årets symposium var ein deilig miks. 

5952 publikummarar fann vegen til symposiets 96 arrangement desse dagane. Av desse var 1799 selde billettar og 79 pass, resten var program for born og unge, publikummarar på dei 21 gratisarrangementa, samt fribillettar til frivillige, artistar og gjester.

Vår eigen festival i festivalen, programmet for skular og barnehagar, nådde ut til heile 1750 born og unge. Alle barnehagar og skular i heile kommunen får tilbod om besøk av forfattarar, skodespelarar og musikarar, og nokre får vere med på fleire arrangement.

- Talet overraska i grunnen, eg trudde det ville vere lågare. Det har aldri vore så få folk på opninga, og Hallo Odda som alltid har vore utseld, hadde godt med billettar igjen. Vi er jo blitt veldig godt vane med at det er fulle hus. Kva som er grunnen til det, kan ein jo berre spekulere i. Om det var haustferie, Yr sine mange varseltrekantar, tanken på ein symposiekveld uten Frode Grytten eller langtidseffektar av korona… Det er nok ein miks av mykje, men mest av alt heller eg mot at vi no ser effekten av å bytte veke for symposiet, og no er i usynk med haustferien til vestlendingane, seier festivalleiar Ingvild Ystanes.  

Billetttinntektene er omkring 360 000,-, av eit budsjett på vel 2 millionar. Resten er offentleg og privat støtte.  

< Tilbake