LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2026

1.-4. oktober

ANNA KLEIVA
ANNA KLEIVA
ANNLAUG BØRSHEIM
ANNLAUG BØRSHEIM
DAG JOHAN HAUGERUD
DAG JOHAN HAUGERUD
FREDRIK HAGEN
FREDRIK HAGEN
FRODE GRYTTEN
FRODE GRYTTEN
HALLGRÍMUR HELGASON
HALLGRÍMUR HELGASON
HALVOR FOLGERØ
HALVOR FOLGERØ
KARIN SMIRNOFF
KARIN SMIRNOFF
LEANDER DJØNNE
LEANDER DJØNNE
MARIT EIKEMO
MARIT EIKEMO
PEDRO CARMONA-ALVAREZ
PEDRO CARMONA-ALVAREZ
SIMON STRANGER
SIMON STRANGER
STEIN TORLEIF BJELLA
STEIN TORLEIF BJELLA
TEDDY & THE GROOVY BOOKWORMS
TEDDY & THE GROOVY BOOKWORMS
ØYVIND RIMBEREID
ØYVIND RIMBEREID

Meir himmel på jord

Kyrkja i Ullensvang tok kort tid etter fjorårets festival kontakt, og ynskja eit samarbeid på symposiet. Etter fine samtalar med både soknerådsmedlemer, kykjeverge og prest, fall følgjande programserie  på plass: 

Teaterframsyninga Gudspartikkelen, samtalen Bøkenes bok - om bibelen og temagudsteneste søndag. 

 

LAURDAG 7. OKTOBER KL. 18.00 / ODDA KINO

GUDSPARTIKKELEN - teater

Svein Tindberg kjem til Litteratursymposiet med ei framsyning med undring over temaet å tru på noko større.

Tru og vitskap blir ofte sett opp som motsetnader. Vitskapen byggjer på fornuft, teoriar og eksperiment, mens trua byggjer på mytar, tradisjon, gamle heilage skrifter og dogme. Men det er ikkje sikkert motsetnaden går slik når det kjem til stykket. For når vi nærmar oss det ukjende, slik vi gjer det i partikkelfysikken til dømes eller i astrofysikken, så er det som om vitskap og tru nærmar seg kvarandre igjen. For kva er eigentleg skilnaden mellom fysikkens «big bang» og Guds «bli lys»? Er det ikkje berre ulike måtar å utrykkje seg på, ein matematisk-fysisk teori og ei forteljing?
Det blir nytta scenerøyk i framsyninga.

BILLETTAR 

 

LAURDAG KL. 14.00 / ODDA KYRKJE 

BØKENES BOK

Svein Tindberg og Inger Bråtveit møter Sivert N. Nesbø til samtale om det bibelske språk og univers, og kva desse tekstane og historiane har tilført kunst, litteratur og daglegspråk.

 

SØNDAG KL. 11.00 / ODDA KYRKJE   

MEIR HIMMEL PÅ JORD 

Ullensvang kyrkje inviterer til temagudsteneste, om orda og Ordet. Prest Leni Mæland samtalepreiker med forfattar Inger Bråtveit, og det blir vakker musikk.

< Tilbake