LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2026

1.-4. oktober

FRODE GRYTTEN
FRODE GRYTTEN
HALLGRÍMUR HELGASON
HALLGRÍMUR HELGASON
HALVOR FOLGERØ
HALVOR FOLGERØ
KARIN SMIRNOFF
KARIN SMIRNOFF
LEANDER DJØNNE
LEANDER DJØNNE
MARIT EIKEMO
MARIT EIKEMO
SIMON STRANGER
SIMON STRANGER

Litt kortare festival i år

 

Bakgrunnen for endringa er at Ullensvang kommune for nokre år sidan endra skuleruta, slik at vi måtte bytte veke for symposiet. I alle år hadde symposiet blitt arrangert i veke 41, når store deler av det øvrige Vestlandet hadde haustferie, men ikkje skulane i Odda og Ullensvang. Skuleprogrammet er ein så stor og viktig del av symposiet, at det ikkje var aktuelt å ha festival i haustferieveka. 

Vi har dei siste åra sett at onsdagen er ein litt "tynn dag" på festivalen, noko som ikkje er rart når folk ikkje har fri. Vi tester no ut dette, og lager til ein meir fortetta festival over fire dagar. 

Litteratursymposiet vert i år arrangert for 20. gong, og har tema Drama. Det er ein av landets mest særeigne litteraturfestivalar: eit fire dagar langt gilde med litterære samtalar, debattar, opplesingar, konsertar, vandringar og overraskingar. 

< Tilbake