24. februar 2022 går Vladimir Putin til full krig mot nabolandet Ukraina. Samtidig som Russland isolerer seg og mange vestlege medier kallar heim korrespondentane sine, vender Åsne Seierstad tilbake til landet der ho studerte og seinare skreiv sin første artikkel. Gjennom nærmare tre år tek ho fleire reiser i det enorme landet, som til landsbygda i Sibir, kor Putin rekrutterer soldatane sine, og til storbyane, der folk gjer kva dei kan for at krigen ikkje skal påverke kvardagen. På reisene møter ho både dei som støtter regimet, dei likegyldige og dei som kjemper imot. Ho flyttar inn hos ei bondekone, er vitne til eit mislykka mytteri og blir kjend med regimet sine forfølgde og trakasserte – dei «utanlandske agentane». Resultatet av reisene har blitt til boka Ufred - Russland fra innsiden som gjev lesaren eit djupdykk i eit land mange meiner noko om, men få kjenner under overflata. Til saman dannar menneska ho møter eit fascinerande bilete av Putin sitt Russland, i ei tid då det er viktigare enn nokon gong å forstå den store naboen vår i aust.
Seierstad møter Heidi Molstad Andresen til samtale.