LITTERATUR SYMPOSIET I ODDA 2022

5. - 9. oktober

H. L. PHOENIX
H. L. PHOENIX
ANDERS TOTLAND
ANDERS TOTLAND
ANNLAUG BØRSHEIM
ANNLAUG BØRSHEIM
BENDIK BAKSAAS
BENDIK BAKSAAS
BJØRN HATTERUD
BJØRN HATTERUD
BRYNJULF JUNG TJØNN
BRYNJULF JUNG TJØNN
CECILIE LØVEID
CECILIE LØVEID
ELISE WINTERTHUN
ELISE WINTERTHUN
FIN SERCK-HANSEN
FIN SERCK-HANSEN
FLU HARTBERG
FLU HARTBERG
FREDRIK HAGEN
FREDRIK HAGEN
FREDRIK HØYER
FREDRIK HØYER
HÅKON OPDAL
HÅKON OPDAL
JOHN ERIK RILEY
JOHN ERIK RILEY
KAJA SCHJERVEN MOLLERIN
KAJA SCHJERVEN MOLLERIN
KJERSTI MJØR
KJERSTI MJØR
KNUT NÆRUM
KNUT NÆRUM
LARS OVE SELJESTAD
LARS OVE SELJESTAD
LARS SAABYE CHRISTENSEN
LARS SAABYE CHRISTENSEN
LEANDER DJØNNE
LEANDER DJØNNE
LINDA EIDE
LINDA EIDE
MAREN SKOLEM
MAREN SKOLEM
MARIA NAVARRO SKARANGER
MARIA NAVARRO SKARANGER
MARIT EIKEMO
MARIT EIKEMO
MÍMIR KRISTJÁNSSON
MÍMIR KRISTJÁNSSON
MOLLY ØXNEVAD
MOLLY ØXNEVAD
ODIN STAVELAND
ODIN STAVELAND
OLAUG NILSSEN
OLAUG NILSSEN
PEDRO CARMONA-ALVAREZ
PEDRO CARMONA-ALVAREZ
PRIYA BAINS
PRIYA BAINS
RANDI FUGLEHAUG
RANDI FUGLEHAUG
SIVERT NESBØ
SIVERT NESBØ
SVEN BISGAARD SUNDET
SVEN BISGAARD SUNDET
TORA SANDEN DØSKELAND
TORA SANDEN DØSKELAND
TORMOD HAUGLAND
TORMOD HAUGLAND
TOVE NILSEN
TOVE NILSEN
VILDE TUV
VILDE TUV

Katalog 2021

Program2021

Tema Littsymp 2017 - KAPITAL

Litteratursymposiet i Odda vert arrangert for 13. gang 11. - 15. oktober. 

Tema for festivalen er KAPITAL.
 
Kvart år har festivalen eit tema. Tema skal vere samfunnsrelevant, litterært interessant og ope for fleire tolkingar. Årets tema KAPITAL nyttast om det som har blitt produsert, som ein motsetning til landområde, naturressursar etc. Det kan vere pengar og verdiar ein rår over.

I økonomien er kapital knytt til behaldninga av økonomiske gode,  det vere seg pengar eller verdiar. Samfunnsøkonomien snakkar om human kapital som uttrykk for folket sin kunnskap og sine ferdigheiter. I sosiologien snakkar ein om kulturell kapital; det å ha kunnskap om kulturelle uttrykksformer. I samfunnsvitskapane er klasseomgrepet tett knytt til kapital og proletariat, problemstillingar som har historisk klang her i Odda.

I 2017 er det 100 år sidan den russiske revolusjonen, og 500 år sidan reformasjonen. Det er stortingsval, og stor usikkerheit knytt til korleis verdsøkonomien vil utvikle seg dei komande åra. Dette vil vere bakteppet for symposiet.

Det er nok av koplingar til å lage faglege seminar, men her er det tross alt ein litteraturfestival vi skal lage. Forfattarstanden er ikkje den mest kapitalsterke bransjen, sjølv om det og finst dei som har blitt millionærar på boksalet. Men at ein del av dei har høg kulturell kapital, rår det lite tvil om.

I kraft av å vere menneske vert vi prega av kapitalen kvar einaste dag. Sosiale ulikskaper og forskjellsskapande mekanismar er litterært svært aktuelt. Både kapitalistar og fattige åleinemødrer er godt skildra i litteraturen, det same er ulikskaper mellom kjønn og klasser. Innan krimen finst dessutan sjangeren finansthriller.  
På same vis om den økonomiske kapitalen kan aukast gjennom gode disponeringar, kan humankapitalen styrkast gjennom utdanning og opplæring, og bøker og debatt. Kanskje kan littsymp bidra til å auke humankapitalen?
 
Vi skal invitere kommunistar og kapitalistar, forfattarar og forskarar, debattantar og næringslivstoppar, musikarar og kunstnarar. Som vanleg vil gamle venner av symposiet stå side om side med nye stemmer på programmet. 

Sidan den spede starten i 2005 har festivalen utvikla seg til å bli ein av landets mest særeigne litteraturfestivalar: eit fem dagar langt gilde med litterære samtalar, debattar, opplesingar, konsertar, vandringar og overraskingar. Info om deltakarar og program blir annonsert utover våren.
< Tilbake