LITTERATUR SYMPOSIET I ODDA 2021

6. - 10. oktober

Katalog 2020

forside%20katalog2020

Smittevern på Litteratursymposiet

KORLEIS GJER VI DET 
  • Det viktige er å unngå køer og opphopning av folk.
  • Dei aller fleste arrangementa i Odda skjer i Kinosalen og i Lindehuset. Vi fordeler publikum i ulike soner på arenaene, med eigne inn- og utganger. Sjekk din billett.
  • Nokre dagar før arrangementstart sender vi ut epost til alle med billett med info om korleis dei skal oppføre seg på festival. 
  • Salene blir reingjorde mellom kvart arrangement.
  • Alle som er på jobb og på scena skal vere friske.
  • På veg inn blir alle spraya med Antibac. Det står stasjoner rundt om på arenaene med handsprit. Bruk det hyppig. 
KVA MÅ DU SOM PUBLIKUM GJERE
  • Er du sjuk - hold deg heime! 
  • Hald 1 meters avstand til andre: i døra, i gatene og på kafé.
  • Vask henda ofte eller bruk handsprit. 
  • Publikum kjøpe billettar på forhånd. Vi oppmodar om å kjøpe billett på nett: littsymp.Ticketco.event.
    Du kan óg kjøpe billettar på Odda bibliotek.
  • Du må opplyse namn og nummer på dei som skal bruke billettane.

OM BILLETTAR 
I kinosalen er det plassbillettar. Vi bruker kvar 3. sete.  Sjølv om ein bur saman, skal ein halde seg til anvist plass.  Det skal vere minst 1 meter mellom publikum i alle retningar. 

I Lindehuset er det ikkje plassbilletter, men det mogleg å kjøpe dobbelbillett, dvs. to seter tett i tett. Merk deg at det kun er dei som bur saman på fast basis som kan kjøpe dobbelbillett, ikkje "Koronavenner".  


 
< Tilbake