I denne forrykande familieforestillinga får du eit musikalsk møte med figurane Heavykatten, Discodansemusa og Pinnsvinet Philip, kjende frå fleire bøker av Roald Kaldestad.
Vi er i øvingsrommet til eit band som ønsker å spela tøff heavy-musikk. Bandet lagar låtar sjølv, og bassisten og den eine gitaristen er i gong med øvinga når publikum kjem. Men det er ikkje enkelt å spela tøff musikk når dei ikkje har nokon som kan spela på det flotte trommesettet. Det blir ikkje enklare av at den andre gitaristen har heilt andre ting i hovudet når han endeleg dukkar opp.