Djup fred har blitt avløyst av krig, ustabile politiske leiarar, klimakrise og eit internett som har gått amok. Trusselbildet er meir alvorlege enn på lang tid. Demokratiske grunnverdiar er i spel. Samtida kjennest farleg, usikker og kaotisk.
Motstandskraft handlar om å halde hovudet kaldt i ei stadig varmare verd. I motstandskrafta ligg motet; å stå opp for det som er viktig, motstanda; å sette seg på bakbeina i staden for å lunte med. Her ligg òg ordet stand; eit standpunkt, ei stilling, ein posisjon - det motsette av å vere samd med siste talar. Her ligg krafta; den makta ein kan ha som einskildmenneske og fellesskap i møte med dei som ikkje vil oss vel.
Sentralbadet litteraturhus lanserer sin nye serie, Motstandskraft, under Litteratursymposiet med å sette krisestab med oddingar som til dagleg arbeider med juss, politi og offentleg ordskifte på høgste nivå: Programvert Hedvig Moe inviterer Ida Melbo Øystese (politimester i Oslo politidistrikt) og Knut Olav Åmås (direktør for Fritt Ord) til samtale om kva trusselbilde står vi overfor, og korleis befolkninga på best mogleg vis kan byggje motstandskraft i turbulente tider.