LITTERATUR SYMPOSIET I ODDA 2021

6. - 10. oktober

H. L. PHOENIX
ANDERZ EIDE
ANNE OTERHOLM
ARNFINN KOLERUD
BASTARD SONS OF ODDA
CHRIS TVEDT
DAVY WATHNE
DJ SIGAZ
DJ STERK
EINAR GELIUS
EIVIND RIISE HAUGE
ELISE WINTERTHUN
FANNY DUCKERT
FINN TOKVAM
FREDRIK HAGEN
FREDRIK HØYER
FRODE GRYTTEN
FRODE HELMICH PEDERSEN
GUNNAR STAALESEN
GUNNHILD ØYEHAUG
GURO KVALNES
HENNING H. BERGSVÅG
HERDIS MOLDØEN
HÅKON OPDAL
JENS KIHL
KIM CHRISTER HYLLAND
KJERSTI MJØR
KRISTIN FRIDTUN
LADY ALBATROSS
LARS KORFF LOFTHUS
LARS OVE SELJESTAD
LARS VIK
LENA LINDGREN
MAGNHILD BRUHEIM
MARIA KJOS FONN
MARIT EIKEMO
MORTEN LANGELAND
NILS-ØIVIND HAAGENSEN
ODDA UNGDOMSSKULE
PEDRO CARMONA-ALVAREZ
PER BUVIK
PER KNUTSEN
RUNE CHRISTIANSEN
RUTH LILLEGRAVEN
SISSEL GRAN
SKRIVEKUNSTAKADEMIET
STIAN CARSTENSEN
TEKSTALLIANSE
THEA SELLIAAS THORSEN
TOR ARVE RØSSLAND
TORGRIM EGGEN
TRUDE MARSTEIN
TUVA ØRBECK SØRHEIM
ZEBRA DUO
ØYVIND KVALNES

Katalog 2021

Program2021

Katalog 2021

Program2021

LYSINSTALLASJON SKALLTAKET

 Odda kommune v/ litteratursymposiet og Samfunnsutviklingsavd. inviterte til opning av den nye lysinstallasjonen under Skalltaket. Verket er utarbeidd av den norske lyskunstnaren HC Gilje. 

Verket utforskar rørsle i form av lys i møte med fysiske strukturar. Lyset reflekterer transporten av råvarer til Skalltaket, omforminga av råvarer til lysmateriale (karbid) og rørsla i elva som renn parallelt med Skalltaket, ein utandørs himling som gjev assosiasjonar til skyer og vær i rørsle. Uterommet under taket blir eit landskap i endring.

KVIFOR? 
Odda by har hatt store utfordringar dei siste tiår, med industrinedlegging og store, opne sentrumsnære areal med tilsynelatande forlatne bygg. Sjølv om trendar har snudd og fleire bedrifter har etablert seg i området, opplevast store deler av smelteverkstomta som mørk og øyde på kveldstid.

Det er eit målet å binde byen saman med smelteverkstomta. For å synleggjere alt som skjer på Smelteverkstomta har kommunen fått utarbeidd ein lyssettingsplan for tomta. Lyskunstprosjektet er ein del av dette arbeidet.

SKALLTAKET (1955-56) 
Råstofflageret ved elva er ein open betongkonstruksjon, og er ein del av det freda anlegget. Med sine 4875 m2  er det eit av dei mektigaste bygga på tomta og landemerke for norsk ingeniørkunst: Dr.techn. Olav Olsen utvikla metoden med avanserte skalltakskontruksjonar som seinare kom i bruk i Nordsjøen. 
 
OM KUNSTNAREN
HC Gilje er ein norsk lyskunstnar, rekna som ein av dei fremste kunstnarane i landet. Han har bevegd seg mellom installasjon, eksperimentell video, live performance og scenografi sidan han gjekk ut frå Kunstakademiet i Trondheim i 1999.

Han fekk ein pangstart på karrieren med eit ett-års residency på Künstlerhaus Bethanien i Berlin 2000-2001. Gilje var ein leiande karakter på live cinema-feltet frå rundt 2000 og turnerte verda rundt. Samstundes jobba han med eksperimentell video som vart vist i diverse film-, kunst- og festivalkontekstar. Gilje har óg vore aktiv på teater- og dansefeltet, først og fremst gjennom sitt mangeårige samarbeid med koreograf Eva-Cecilie Richardsen. Saman etablerte dei Kreutzerkompani, med ein årleg produksjon frå 2000 til 2006.
I 2006 endra Gilje retning: han tok element frå sin tidlegare praksis (utforsking av fysiske rom frå video, skaping av rom frå scenearbeid og improvisasjon frå live-verksemd) inn i eit langsiktig prosjekt som har fått namnet "Conversations with Spaces". Dette prosjektet utforskar, hovudsakleg gjennom store installasjonar, sansing av endring og transformasjon av fysiske strukturer (rom, landskap, objekt, kroppar) gjennom flyktige media som lys, projeksjon, lyd og rørsle. Installasjonane har blitt presentert i tradisjonelle gallerirom, utandørs og i meir ukonvensjonelle omgivelser.

Prosjektet er støtta av KORO, Hordaland Fylkeskommune og Fylkesmannen i Hordaland, og er i regi av Odda kommune v/ Samfunnsutvikling og Litteratursymposiet i Odda, med støtte av Sparebanken Vest.
< Tilbake