LITTERATUR SYMPOSIET I ODDA 2021

6. - 10. oktober

H. L. PHOENIX
ANDERZ EIDE
ANNE OTERHOLM
ARNFINN KOLERUD
BASTARD SONS OF ODDA
CHRIS TVEDT
DAVY WATHNE
DJ SIGAZ
DJ STERK
EINAR GELIUS
EIVIND RIISE HAUGE
ELISE WINTERTHUN
FANNY DUCKERT
FINN TOKVAM
FREDRIK HAGEN
FREDRIK HØYER
FRODE GRYTTEN
FRODE HELMICH PEDERSEN
GUNNAR STAALESEN
GUNNHILD ØYEHAUG
GURO KVALNES
HENNING H. BERGSVÅG
HERDIS MOLDØEN
HÅKON OPDAL
JENS KIHL
KIM CHRISTER HYLLAND
KJERSTI MJØR
KRISTIN FRIDTUN
LADY ALBATROSS
LARS KORFF LOFTHUS
LARS OVE SELJESTAD
LARS VIK
LENA LINDGREN
MAGNHILD BRUHEIM
MARIA KJOS FONN
MARIT EIKEMO
MORTEN LANGELAND
NILS-ØIVIND HAAGENSEN
ODDA UNGDOMSSKULE
PEDRO CARMONA-ALVAREZ
PER BUVIK
PER KNUTSEN
RUNE CHRISTIANSEN
RUTH LILLEGRAVEN
SISSEL GRAN
SKRIVEKUNSTAKADEMIET
STIAN CARSTENSEN
TEKSTALLIANSE
THEA SELLIAAS THORSEN
TOR ARVE RØSSLAND
TORGRIM EGGEN
TRUDE MARSTEIN
TUVA ØRBECK SØRHEIM
ZEBRA DUO
ØYVIND KVALNES

Katalog 2021

Program2021

Katalog 2021

Program2021

Littsymp vorspiel: DØDEN - EIN SERIE OM LIVET Norsk dokumentarserie (2014)

DØDEN - EIN SERIE OM LIVET Norsk dokumentarserie (2014) 

Alle skal døy, men kor ille er eigentleg det? Korleis ville det gått med livet utan døden? 
Ein åleinefar og dottera hans må leve utan mor. Dei reiser ut i verda for å finne ut meir om korleis dei kan ta stilling til det uungåelege fenomenet, døden. På vegen møter dei alle slags folk. Nokre skal snart døy, nokre er redde for døden, medan andre ler av han. Nokre lever av døden, andre blir inspirerte av den.
Vi varmar opp til Litteratursymposiet med å presentere Flimmer film sin serie, Døden - ein serie om livet, onsdagar i september på Sentralbadet litteraturhus. 

ONSDAG 4. september kl. 19.00 / SENTRALBADET LITTERATURHUS 

Første onsdagen kjem Christer Fasmer, som var sjefsfotograf på serien, og fortel meir om denne kritikarroste dokumentarserien.
Festivalleiar Ingvild Ystanes presenterer programmet for årets Litteratursymposium. Vi viser første episode av serien.  


1. Den fysiske døden 

I første program skal vi sjå på kva som skjer med oss når vi eldast og døyr. Kva
nytte har eigentleg døden i naturen, og stundom for andre sine liv? Mange menneske går langt for å freiste vinne over døden. Programmet ser på nokre populære og nokre tvilsomme overlevingsstrategiar. Inni kvar og ein av oss skjer eit konstant samspel mellom ulike celler og mikroorganismer - og død må til for at kroppane våre skal verka. Avansert utvikling innan moderne medisin gjer at mange vert stadig eldre. Nokon ser kanskje ikkje ein gong døden som noko naturleg lenger. Evig liv er vanskeleg å oppnå, og kanskje ikkje ønskeleg?

 
ONSDAG 11. september kl. 19.00 / SENTRALBADET LITTERATURHUS 


2. Livet etter døden
I møte med døden leitar vi etter meining og håp. Berre få finn biologiske forklaringar tilstrekkelege, og i samfunn daterte heilt attende til neandertalarane, har det vore forestillingar og forteljingar om kva som skjer med oss etter døden. I dette programmet ser vi på korleis vi ritualiserer døden, og korleis desse rituala viser kva vi trur skal skje etterpå.  


3. Døden og kreativiteten
Til alle tider har menneske og samfunn brukt kunst og kreativitet for å søkje å forstå og gi meining til døden. I dette programmet skal vi sjå nærare på korleis døden, som tema i kunst og skapande uttrykk, blir brukt som trøyst og trugsel, fornekting og overtaling - og som underhaldning. Det er mange grunnar til at vi handterer døden ved hjelp av kunst og kreativitet, og det er mange måtar å gjere det på. 

ONSDAG 18. september kl. 19.00 / SENTRALBADET LITTERATURHUS 

4. Dødsmarknaden
Døden er ikkje slutten, iallefall ikkje økonomisk. For mange er døden ein måte å tene til livets opphald på. Det er ikkje alltid dette er heilt problemfritt, moralsk sett. Kor store er dei ulike dødsmarknadene? Kva slags tilbod og behov finst?
  

5. Politisk død 

Død kan føre til solidaritet og foreine samfunn, men han kan også skilje og føre til maktkampar og hemn både innanfor samfunn, og mellom samfunn. I dette programmet ser vi på kva rolle døden spelar i ulike samfunn, og korleis han kan brukast som eit politisk maktmiddel, eller reiskap for å verke samlande for ein nasjon. 
 
< Tilbake