LITTERATUR SYMPOSIET I ODDA 2022

5. - 9. oktober

H. L. PHOENIX
H. L. PHOENIX
ANDERS TOTLAND
ANDERS TOTLAND
ANNLAUG BØRSHEIM
ANNLAUG BØRSHEIM
BENDIK BAKSAAS
BENDIK BAKSAAS
BJØRN HATTERUD
BJØRN HATTERUD
BRYNJULF JUNG TJØNN
BRYNJULF JUNG TJØNN
CECILIE LØVEID
CECILIE LØVEID
ELISE WINTERTHUN
ELISE WINTERTHUN
FIN SERCK-HANSEN
FIN SERCK-HANSEN
FLU HARTBERG
FLU HARTBERG
FREDRIK HAGEN
FREDRIK HAGEN
FREDRIK HØYER
FREDRIK HØYER
HÅKON OPDAL
HÅKON OPDAL
JOHN ERIK RILEY
JOHN ERIK RILEY
KAJA SCHJERVEN MOLLERIN
KAJA SCHJERVEN MOLLERIN
KJERSTI MJØR
KJERSTI MJØR
KNUT NÆRUM
KNUT NÆRUM
LARS OVE SELJESTAD
LARS OVE SELJESTAD
LARS SAABYE CHRISTENSEN
LARS SAABYE CHRISTENSEN
LEANDER DJØNNE
LEANDER DJØNNE
LINDA EIDE
LINDA EIDE
MAREN SKOLEM
MAREN SKOLEM
MARIA NAVARRO SKARANGER
MARIA NAVARRO SKARANGER
MARIT EIKEMO
MARIT EIKEMO
MÍMIR KRISTJÁNSSON
MÍMIR KRISTJÁNSSON
MOLLY ØXNEVAD
MOLLY ØXNEVAD
ODIN STAVELAND
ODIN STAVELAND
OLAUG NILSSEN
OLAUG NILSSEN
PEDRO CARMONA-ALVAREZ
PEDRO CARMONA-ALVAREZ
PRIYA BAINS
PRIYA BAINS
RANDI FUGLEHAUG
RANDI FUGLEHAUG
SIVERT NESBØ
SIVERT NESBØ
SVEN BISGAARD SUNDET
SVEN BISGAARD SUNDET
TORA SANDEN DØSKELAND
TORA SANDEN DØSKELAND
TORMOD HAUGLAND
TORMOD HAUGLAND
TOVE NILSEN
TOVE NILSEN
VILDE TUV
VILDE TUV

Katalog 2021

Program2021

Knut Olav Åmås sin opningstale

Opningstale Litteratursymposiet i Odda 2014 8.10.14

Knut Olav Åmås, Direktør i Fritt Ord


Kjære ordførarar, kjære lesarar, kjære forfattarar som skriv alt det vi les.

Eit par hundre meter herfrå, på smelteverkstomta ut mot Røldalsvegen, står det eit kvitt skilt med ein enkel tekst:
"Alt kjem til å bli bra."

Det skiltet seier litt om Odda. Men er det ei kjærleikserklæring? Er det humor, er det sarkasme? Eller kanskje eit fortvilt rop om hjelp, meir enn eit tiår etter at Odda Smelteverk gjekk konkurs, fleire hundre arbeidsplassar gjekk tapt, men 167 mål med areal for framtida brått blei ledige?
Truleg alt dette. Men kanskje er teksten på skiltet mest ei sverjing, eit løfte om handling, ei pakt om å tru på framtida.

Det siste tiåret i Odda har vist både handlekraft og handlingslamming, både semje og konflikt, som naturleg er når viktige deler av framtida til ein stad skal avgjerast. Og enno er mykje ope. Men Odda har overlevd, Odda har funne nye vegar, den vesle byen inst i Sørfjorden har meisla ut nye mål.

Eit samfunn som Odda har rett nok hatt mange gode og relativt sikre arbeidsplassar i meir enn hundre år. Men alltid har vissa lege der om at ein er så djupt avhengig av avgjersler hjå eigarar langt unna, og stadig påverka av konjunkturane i verdsmarknadene. Slik er det med alle dei einsidige industristadene på Vestlandet og elles i Norge.

Men noko har skjedd dei siste par tiåra som viser at uttrykket "einsidig industristad" slett ikkje dekkjer røynda lenger. Realøkonomien er blitt langt mindre einsidig. Det er no éi sak. 

Men grunnen til at vi er her no i kveld, er ei anna sak, at akkurat dette samfunnet har fått ein litteratur, fleire forfattarar som har teikna bilete av ein industristad som er alt anna enn - einsidig. Odda er blitt ein høgst mangesidig litterær stad, ein skriftstad som vekkjer oppsikt i resten av Norge og ute i verda òg. Fordi det som blir skrive er så godt og viktig.

Og det som blir teikna er eit mangesidig portrett av personane og prosessane, liva og miljøa. Det er tvetydig og uføreseieleg. Overraskande og sprelsk. Dystert og vakkert. I svartkvitt og fulle fargar.

Odda er blitt eit omgrep, og trekkjer stadig nye, skapande menneske hit, både no under Litteratursymposiet og elles. Det gjev store ringverknader. For Odda-litteraturen har vist Norge og den lesande verda noko verken politikken eller journalistikken greier på heilt same viset, kor mykje godt eg enn kan seia om både politikk og journalistikk. Under dei synlege overflatene finst det så mykje meir, så mange lagnader, så mange historier, så mange opningar.

Litteraturen er ikkje ein liten del av kulturen og ein endå mindre del av samfunnet. Den er alltid større: Den er måtar å betrakta verda på, gripa den på, forstå den på - eller få større klarleik i det vi rett og slett ikkje greier å forstå. Den kan ikkje setjast på formel, den er stundom sanden i maskineriet, ofte rusket i systema. Den gode litteraturen kompliserer og nyanserer.
Og den er tvetydig og open for å tolkast - ut frå kven du, lesaren, er, kor du kjem frå og kor du kan tenkjer deg hen.

Det er difor det kvite skiltet med den enkle teksten - "Alt kjem til å bli bra" - ikkje er ein marknadsføringsbodskap. Ikkje eit politisk slagord. Det er ein aforisme, ei enkel, men djupt litterær utsegn, open og tvetydig.

Kompisar og vener, venskap og uvenskap er temaet for Litteratursymposiet 2014 i Odda. Venskap er eit fenomen som har mykje felles med med nettopp litteratur. Det er eit mangesidig og tvetydig fenomen. Det ber i seg sine eigne motsetningar. "Venskap doblar gleder og halverer sorger", sa Francis Bacon ein gong. Men det er også eit fenomen som fører med seg trøbbel. Bjørnstjerne Bjørnson skreiv ein gong: "I valet mellom falske vener og opne fiendar har eg alltid føretrekt det siste".

Litteratur. Odda. Odda-litteratur. Norsk litteratur. Internasjonal litteratur. Vener og venskap. Alt dette tek Litteratursymposiet i Odda 2014 opp i seg. Det er difor vi er her.

Nordmenn er framleis eit i særklasse lesande folk. Og vi ønskjer å sjå, høyra og møta litteraturen på fysiske arenaer som denne festivalen. For Stiftinga Fritt Ord er det avgjerande å støtta dette fenomenet - både litteraturhus, litteraturfestivalar og folkebibliotek. Sjølv blei eg avgjerande forma på det strålande biblioteket eit par hundre meter herfrå. Og kvar einaste dag og kveld i Norge blir enkeltmenneske forma, og formar seg sjølve, på biblioteka, på festivalane og på dei hundrevis av enkeltarrangementa som finn stad over heile landet. Dette er små offentlegdomar som eg trur er vel så viktige for folk som dei store mediekanalane.

For Fritt Ord er det ei dagleg oppgåve å hjelpa til å gjera Norge meir mangfaldig på slike måtar - gjennom å støtta prosjekt som gjeld ytringsfridom og media, demokratiutvikling, offentlegdom og debatt, kunst og kultur, utdanning og stipend, i Norge og i utlandet. Fritt Ord er slik eit privat lite kulturdepartement - med berre frie pengar, vi mottek ingenting frå nokon andre, men deler ut eit hundretals frie millionar i året til eit tusentals prosjekt. Det gjer vi etter eige hovud, frå vår eigen kapital. Midlane kjem opphavleg frå eigarskapet vårt til Narvesen-konsernet. Dei stammar altså til ei viss grad frå sal av pølser og porno, truleg også i Odda.

Vi er glad for å støtta opp om det kraftsenter Litteraturhuset i Odda og Litteratursymposiet i Odda er, og ønskjer lukke til framover.
Kjære ordførarar, kjære lesarar, kjære forfattarar som skriv alt det vi les: Med dette har eg æra og gleda av å erklæra Litteratursymposiet 2014 i Odda for offisielt opna.

Og sjeldan er orda som eg starta med å sitera meir på sin plass, meir på sin rette stad enn her, i denne skriftstaden, på denne litteraturfestivalen som skjer på heilt sitt eige vis, på sin måte, på Oddas måtar. Ja, eg er heilt sikkert på at orda på skiltet kjem til å stemma nettopp desse intense og innhaldsrike dagane:

"Alt kjem til å bli bra."
 
< Tilbake