“Internett er en flopp!” stod det å lese i Dagens Næringsliv 20. august 1996. Leif Osvold meinte internett var ei motegreie som kom til å døy ut om eit par år. To år etter, i same avis, hevda han at spådommen no hadde viste seg å vere riktig: "Bruken av internett har stagnert og begynner å synke. Jeg har spådd dette for lenge siden, som eneste person i Norge, og blitt ledd av. Den første nysgjerrigheten har nå lagt seg.” Resten er historie.
Korleis vart internett ein del av oss? Dette spørsmålet utforskar forfattar og journalist Anne Gunn Halvorsen i boka Mitt internett: Då www kom til Noreg. Halvorsen tek utgangspunkt i sin eigen oppvekst i ei bygd i nittiåra. Gjennom dagboknotat og intervju med gamle venner og kjærastar, fagfolk og programmerarar fortel ho historia om då internett kom til Noreg: ein unik epoke i norsk mediehistorie då samfunnshierarkiet vart snudd opp ned, og barn og unge vart superbrukarar.
Dette er også ei forteljing om den første generasjonen som levde ungdomstida si digitalt. Dei som brukte kvar ledige stund til å snakke med framande på nettet utan at foreldra ante kva dei dreiv med. Kva gjorde det med dei? Og kvifor nektar dei no eigne barn å oppleve det same?
Foredrag ved Anne Gunn Halvorsen om korleis internett kom i oppveksten og snudde opp ned på ungdoms- og kvardagsliv.