LITTERATUR SYMPOSIET I ODDA 2021

6. - 10. oktober

H. L. PHOENIX
ANDERZ EIDE
ANNE OTERHOLM
ARNFINN KOLERUD
BASTARD SONS OF ODDA
CHRIS TVEDT
DAVY WATHNE
DJ SIGAZ
DJ STERK
EINAR GELIUS
EIVIND RIISE HAUGE
ELISE WINTERTHUN
FANNY DUCKERT
FINN TOKVAM
FREDRIK HAGEN
FREDRIK HØYER
FRODE GRYTTEN
FRODE HELMICH PEDERSEN
GUNNAR STAALESEN
GUNNHILD ØYEHAUG
GURO KVALNES
HENNING H. BERGSVÅG
HERDIS MOLDØEN
HÅKON OPDAL
JENS KIHL
KIM CHRISTER HYLLAND
KJERSTI MJØR
KRISTIN FRIDTUN
LADY ALBATROSS
LARS KORFF LOFTHUS
LARS OVE SELJESTAD
LARS VIK
LENA LINDGREN
MAGNHILD BRUHEIM
MARIA KJOS FONN
MARIT EIKEMO
MORTEN LANGELAND
NILS-ØIVIND HAAGENSEN
ODDA UNGDOMSSKULE
PEDRO CARMONA-ALVAREZ
PER BUVIK
PER KNUTSEN
RUNE CHRISTIANSEN
RUTH LILLEGRAVEN
SISSEL GRAN
SKRIVEKUNSTAKADEMIET
STIAN CARSTENSEN
TEKSTALLIANSE
THEA SELLIAAS THORSEN
TOR ARVE RØSSLAND
TORGRIM EGGEN
TRUDE MARSTEIN
TUVA ØRBECK SØRHEIM
ZEBRA DUO
ØYVIND KVALNES

Katalog 2021

Program2021

Katalog 2021

Program2021

For eit publikum!



Kjærleik frå Odda

Litteratursymposiet i Odda hadde 7600 publikummarar og over 600 000,- i billettinntekter. Vi er er svært nøgd etter årets Litteratursymposium.
 
– Oddapublikummet er det beste. Det er ein gjengangar at forfattarane og artistane som kjem hit blir heilt overvelda av den oppslutninga og kjærleiken dei får frå publikum, seier festivalleiar Ingvild Ystanes

Det var jamt over veldig mykje publikum, òg på dei mindre arrangementa.
Storstova Lindehuset (med kapasitet til 450  publikummarar) var så godt som full på opningsforestillinga, og smekkfull på det litterær talkshowet Hallo Odda! Odda bibliotek fekk to gonger ny besøksrekord i løpet av symposiet: først med samtalen om Mødre fredagen,  som trakk 160 publikummarar, og deretter ny rekord med 165 på Erika Fatland sitt foredrag Sovjetistan laurdag.

Tilbakemeldingane frå publikum har vore overveldande, og det er fint at det er så mykje ulikt folk trekk fram som høgdepunkt. I tillegg har vi ein fordel med ein liten by som Odda. Det er lettare å laga god festivalstemning. Vi spreier oss på mange arenaer tett på kvarandre, får ein fortetta stemning og tek over byen nokre dagar.  

BESØKSTAL OG BILLETTINNTEKTER
Vi er enno ikkje heilt i mål med å fintelle alle publikummarane etter dei omlag 80 arrangementa, men eit foreløpig estimat er at det var om lag 7600 gjester var innom arrangementa til Litteratursymposiet i år.

– Dei siste åra har det vore litt under 7000, men rekorden var i 2011. Då var det 8000 totalt, men langt fleire gratisarrangement og store skuleforestillingar,  fortel Ystanes.
Over 600.000 kroner har kome inn i som eigeinntekter bare gjennom billettkjøp. I fjor fekk symposiet inn 450.000,-
– Det viser at ikkje berre vil folk kome på arrangementa, men dei er også villige til å betale for det. Og det er heilt unikt i litteraturfestivalsamanheng, seier Ystanes.

For nokre år sidan vart det gjorde ��stlandsforskning ei stor undersøking blant medlemene av Norske Litteraturfestival-nettverket. Det vanlege er å ha ei snittinntekt på billettar på 12-14 prosent av budsjettet. Litteratursymposiet har til samnlikning eit budsjett på rundt 1.8 millionar.

Det kom inn nokre avlysingar i siste stund (Lars Bremnes, Helle Helle og NRK Salongen), men heller ikkje det var så farleg. Programmet er så omfattande og stemninga så god at heilskapen sto støtt på eigne bein, seier Ystanes.


Ingvild Ystanes,
festivalleiar
www.litteratursymposiet.no
Tlf. 48003958 
 
< Tilbake