LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2024

2. - 6. oktober

FREDRIK HAGEN
FREDRIK HAGEN
FREDRIK HØYER
FREDRIK HØYER
FRODE GRYTTEN
FRODE GRYTTEN
MARIT EIKEMO
MARIT EIKEMO

Katalog 2023

Katalog for program 2022

VERTEBRAE

Thure Erik Lund møter Erlend O. Nødtvedt.

I over 30 år har Thure Erik Lund sin forfattarskap vore eit heilt eige vesen i den litterære faunaen. I 2017 kom romanen Identitet, om mangsysslaren og forfattaren Hallandsås. No har Lund skrive ein slags frittståande oppfølgar, Vertebrae, som også har fengsla lesarar og kritikarar. Romanen finn stad ein gong i ei udefinert framtid, kor mennesket er borte. No blir historia fortalt av ein superintelligens, eit reint, kroppslaust medvit, i “eit nytt altoppslukande verdenssystem som står i ein direkte forlenging av vår digitale tid”. Kva kjenneteiknar dette samfunnet, og kven er det eigentleg som snakkar?

I samtale med Thure Erik Lund om boka finn vi forfattar Erlend O. Nødtvedt, som sjølv har eit ellevilt forfattarskap på samvittigheten, mellom anna med Vestlandet og Mordet på Henrik Ibsen.
 

Velkomen til eit møte mellom to av dei mest eksentriske forfattarane i norsk samtidslitteratur.


 
vertebrae

Pris

150,-

Dato og tid

06.10 kl. 16.00

Sted

ODDA BIBLIOTEK

Medverkande

THURE ERIK LUND
THURE ERIK LUND
ERLEND O. NØDTVEDT
ERLEND O. NØDTVEDT