Litteratursymposiet i Odda og Odda ungdomsskule har gjennom fleire år samarbeidd om eit tekstskapingsprosjekt med utgangspunkt i Litteratursymposiets tema: «Skrifta på veggen». På arrangementet framfører elevar eigne tekstar, med og utan musikk og bilete, og deler scene med gjestande ungdomsbokforfattarar.