Bekim Sejranovic, Ina Kronenberger, Frode Grytten i samtale. Ordstyrar: Pedro Carmona-Alvarez.
Frode Gryttens Bikubesong er omsett til 17 språk, mellom anna til bosnisk og tysk. Kva slags Odda er det tyske og bosniske lesarar får møte etter Ina Kronenbergers og Bekim Sejranovic' nitidige omsettingsarbeid? Korleis kan alle dei typiske odda-referansane i romanen bli relevant litteratur for lesarar i andre land? Kva er dei største utfordringane med å omsette Oddas mange særheter til andre språk? Ina Kronenberger og Bekim Sejranovic kjem til Odda for å snakke om omsettingsarbeidet, om møte med Bikubesong, Odda og Frode Grytten. Frode Grytten deltar i samtalen og deler nokre av sine erfaringar med å få bøkene sine omsett til andre språk. Finst det til dømes eit godt kinesisk ord for Fittetjuven?