Kven skal yta hjelp, i vår moderne individualistiske tidsalder? I løpet av eit liv vil de aller fleste av oss trenge hjelp av velferdssystema. Nokon ofte og mykje, andre sjeldan. Molly Øxnevad, Olaug Nilssen og Mímir Kristjánsson har på ulikt vis har skrive om sine eigne og familiemedlemer sin kamp med og mot byråkratiet som vaktar velferdsordningene våre. Det handlar om sjukdom, økonomi, omsorg og om retten til å få lov til å vere meir enn eit menneske som passar inn i eit skjema. Korleis fungerar desse systema, og kven hamnar innanfor og utanfor?
Mímir Kristjánsson har skrive boka “Mamma er trygda”, der han med både personleg kjensle og politiske argument skildrar mora sin sjukdom, og korleis sjukdomen har gjort ho avhengig av eit trygdesystem som krev meir energi enn det sjukdomen hennar tillet. Gjennom observasjonar av eige og mora sitt liv, går Kristjánsson fordomar i møte.
Olaug Nilssen har gjennom fleire bøker skrive om korleis kampen for å få nok og riktig hjelp utarter seg i ein familie. Ho har skildra korleis det er å være mor til eit sterkt funksjonshemma barn, og fremvist sorgen og sinnet som vert fremprovosert i møte med systemet. I si siste bok, “Yt etter evne, få etter behov”, spør ho; Kven tek ansvaret ingen eigentleg klarer?
Molly Øxnevad har skrive kortromanen «Feminin gange» der vi møter Tor og Liam på veg frå Stavanger til Rikshospitalet i Oslo i ein gamal varebil. Liam er trans og skal til sin andre konsultasjon for stadfestande behandling. Øxnevad har vore open på at det er personlege erfaringar som ligg bak behovet for å skrive denne boka.