LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2024

2. - 6. oktober

FREDRIK HAGEN
FREDRIK HAGEN
FREDRIK HØYER
FREDRIK HØYER
FRODE GRYTTEN
FRODE GRYTTEN
MARIT EIKEMO
MARIT EIKEMO

Katalog 2023

Katalog for program 2022

LITTERÆR SPEED-DATE: BRÅTVEIT

Tora Sanden Døskeland møter Inger Bråtveit.

Nysgjerrig på dei nye bøkene, og kven som skriv dei? Her set vi av ein liten halvtime til å møte éin forfattar og éi bok. Forhåpentlegvis gjev smakebiten oss meirsmak. Programvert Tora Sanden Døskeland møter Inger Bråtveit og hennar ferske roman Vassarv til litterær speeddate.


Vassarv er ein roman om å vera fire år, om å ynskja seg eit kjæledyr, om å oppdaga verda på eiga hand, om mora si sorg og glede over å sjå barnet sitt veksa opp. Det handlar om overgangane i livet, om brota som fylgjer med i den naudsynte lausrivinga på veg til eit eige liv, i dotterskapen og morskapen. 

Ei mor køyrer med dottera fastspent i baksetet frå Oslo til staden ho kjem ifrå, ei bygd på Vestlandet. For dottera er det ein biltur gjennom timar og landskap, men for mora vert ei reise inn og ut av ulike tider, tilbake til heimstaden og oppveksten på eit lite gardsbruk.

Vassarv er ein rik roman, om minne, slektskap, tap og tilhøyrsle. Det er ei gripande og medrivande forteljing, full av subtile og kraftfulle rørsler mellom det kvardagslege og det storslegne, som aldri mistar av syne korleis livet brutalt går sin gang.

Inger%20Br%C3%83%C2%A5tveit%20Foto%20Signe%20Fuglesteg%20Luksengard

Pris

Gratis

Dato og tid

06.10 kl. 15.30

Sted

SENTRALBADET LITTERATURHUS
1. ETG

Medverkande

INGER BRÅTVEIT
INGER BRÅTVEIT
TORA SANDEN DØSKELAND
TORA SANDEN DØSKELAND