LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2024

3. - 6. oktober

ASBJØRN SLETTEMARK
ASBJØRN SLETTEMARK
CHARLOTTE MYRBRÅTEN
CHARLOTTE MYRBRÅTEN
ELISE WINTERTHUN
ELISE WINTERTHUN
FREDRIK HAGEN
FREDRIK HAGEN
FREDRIK HØYER
FREDRIK HØYER
FRODE GRYTTEN
FRODE GRYTTEN
FRODE HELMICH PEDERSEN
FRODE HELMICH PEDERSEN
GUNNHILD ØYEHAUG
GUNNHILD ØYEHAUG
LADY ALBATROSS
LADY ALBATROSS
LARS KORFF LOFTHUS
LARS KORFF LOFTHUS
LEANDER DJØNNE
LEANDER DJØNNE
MARIA TRYTI VENNERØD
MARIA TRYTI VENNERØD
MARIT EIKEMO
MARIT EIKEMO
MERETE JONVIK
MERETE JONVIK
SUMAYA JIRDE ALI
SUMAYA JIRDE ALI
TORA SANDEN DØSKELAND
TORA SANDEN DØSKELAND
VIGDIS HJORTH
VIGDIS HJORTH
WENCKE MÜHLEISEN
WENCKE MÜHLEISEN

Katalog 2023

Katalog for program 2022

Litterær heilaften

Opplesing v/ Brit Bildøen, Lars Ove Seljestad og Ruth Lillegraven. Trio Cees. Møt Jan Guillou, i samtale med sin venn Anne Holt. Kveldens konferansier: Anne Oterholm.
Høyr gjestande forfattarar sjøve lese frå haustens beste bøker. Etter ein musikalsk pause med Trio Cees, møter Jan Guillou sin gode venn Anne Holt til samtale som sine bøker og sitt liv. 

I Ruth Lillegravens nyaste diktsamling Manilahallen fortel diktaren historia om Birgits liv. Det er ein biografi i diktform, ei form som lar Lillegraven fortelje om eit liv fylt av smerte, skam, motgang og sjukdom, men også med glede, kjærleik og humor – utan at det kjem for nært innpå livet til ho som er bakgrunnen for verket. Her kan diktaren leike seg med repetisjonar, tid og stad, fortel ho sjølv i eit intervju. For dette er eit liv som er levd også utanfor lyrikken.

22. juli er bakteppe i den siste romanen til Brit Bildøen, Sju dagar i august. Handlinga er lagt fram i tid, åtte år etter at Sofie mista dottera si i Utøya-massakren.  Vi  følgjer Sofie og mannen Otto gjennom ei veke i august. Kjærleiken dei imellom har hjulpe dei gjennom sorgprosessen, men no revner det. I løpet av ei veke i august opplever Sofie og Otto Krohg-Iversen ei rekkje små ulykker som til saman avslører små og store sprekker både i ekteskapet, på jobben og i samfunnet rundt dei. Er alt i ferd med å falle frå kvarandre?

Lars Ove Seljestad sin nye roman Kjære bror er ei klok fortelling om det sårbare livet, men aller mest er dette ei vakker skildring av kjærleiken og samhaldet mellom to brør som veks opp saman i ein liten by på den vestnorske regnkysten. Kva var det eigentleg som skjedde då Arne vart borte på tjueårsdagen? Kva var det faren eigentleg meinte med det han sa til sonen? Kvifor kom Arne aldri heim igjen fra arbeidet på fabrikken? Kva var det som rørte seg i storebroren den natta alt gjekk galt? Desse spørsmåla har følgd veslebroren, Svein, gjennom heile vaksenlivet. Med den vaksne mannens livserfaring prøver han, nok ein gong, å gå igjennom det som hende den gongen for så lenge sidan.

Svenske Jan Guillou er ein av skandinavias store litterære stjerner. Sidan debuten i 1971 har han skrive over førti bøker, dei fleste er omsett til norsk. Dei ti bøkene han skreiv om agenten Carl Hamilton har åleine seld over fem millionar eksemplar. Dei er filmatisert og m.a. vist på norsk TV. Den historiske romanserien om korsfararen Arn Magnusson og hans innverknad på historia til det svenske kongeriket har vore på bestselgerlistene i fleire land.

Hans pågåande serie har i fleire år toppa listene hos både bokhandlarar og bibliotek her i Norge: Det store århundre er ei historie om de tre norske brødrene i det 20. århundrets Europa. Første bok i serien, Brobyggerne, startar i 1880-årene på et lite fiskevær på Osterøy utenfor Bergen. Fjerde bok i serien har nett kome ut i Sverige. Den kjem på norsk i løpet av hausten. Møt Jan Guillou i samtale med sin venn Anne Holt om sine bøker og livet forøvrig

Anne Oterholm er kveldens konferansier.
jan%20guillou%20foto%20henrik%20montgomery

Pris

250,-

Dato og tid

10.10 kl. 20:00

Sted

LINDEHUSET

Medverkande

LARS OVE SELJESTAD
LARS OVE SELJESTAD
RUTH LILLEGRAVEN
RUTH LILLEGRAVEN
ANNE OTERHOLM
ANNE OTERHOLM
ANNE HOLT
ANNE HOLT
JAN GUILLOU
JAN GUILLOU
BRIT BILDØEN
BRIT BILDØEN