LITTERATUR SYMPOSIET I ODDA 2022

5. - 9. oktober

HALLO ODDA
SMELTEVERKET RUNDT PÅ 100 MINUTT

Katalog 2021

Program2021

KLASSIKARSAMTALEN: MARKI DE SADE

Få har skrive like eksplisitt erotisk som Marki de Sade (1740-1814). Professor emeritus Per Buvik har vore oppteken av de Sade i ei årrekke. Han møter førsteamanuensis og kritikar Frode Helmich Pedersen til samtale.

Marki de Sade var den franske aristokraten, politikaren, filosofen og forfattaren av bøker som «Justine» og «Filosofi på kammerset». De Sades libertinske moralsyn og ekstreme skildringar av sadistisk sex, vald og avvik fekk han fengsla i store delar av livet. Seinare har han hatt påverknad på nye generasjonar intellektuelle. Kven er de Sade som tenkar, og kva for kulturelle tendensar pregar forfattarskapen hans? Korleis er det å lese de Sade med notidas blikk, er det kvalitet eller traurig porno?

Pris

150

Dato og tid

08.10 kl. 15.00

Sted

ODDA BIBLIOTEK

Medverkande

FRODE HELMICH PEDERSEN
PER BUVIK