LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2024

3. - 6. oktober

ASBJØRN SLETTEMARK
ASBJØRN SLETTEMARK
CHARLOTTE MYRBRÅTEN
CHARLOTTE MYRBRÅTEN
ELISE WINTERTHUN
ELISE WINTERTHUN
FREDRIK HAGEN
FREDRIK HAGEN
FREDRIK HØYER
FREDRIK HØYER
FRODE GRYTTEN
FRODE GRYTTEN
FRODE HELMICH PEDERSEN
FRODE HELMICH PEDERSEN
GUNNHILD ØYEHAUG
GUNNHILD ØYEHAUG
LADY ALBATROSS
LADY ALBATROSS
LARS KORFF LOFTHUS
LARS KORFF LOFTHUS
LEANDER DJØNNE
LEANDER DJØNNE
MARIA TRYTI VENNERØD
MARIA TRYTI VENNERØD
MARIT EIKEMO
MARIT EIKEMO
MERETE JONVIK
MERETE JONVIK
SUMAYA JIRDE ALI
SUMAYA JIRDE ALI
TORA SANDEN DØSKELAND
TORA SANDEN DØSKELAND
VIGDIS HJORTH
VIGDIS HJORTH
WENCKE MÜHLEISEN
WENCKE MÜHLEISEN

Katalog 2023

Katalog for program 2022

Heimstaddikting

Linn Strømsborg, Arild Rein og Frode Grytten i samtale. Ordstyrar: Erlend O. Nødtvedt.
Heimstaddikting kan skildrast som dikting om lokalmiljøet og kvardagsheltar, der handlinga er lagt til forfattarens heimstad. Forfattarane skriv eit litterært verk, og miljøet vert lagt til heimstaden deira. I seinare tid har denne diktinga blitt kalla ei litterær kartlegging av kongeriket, nettopp på grunn av skildringane av nærmiljøet.

Stavanger, Odda og Furuset er alle skrive inn i litteraturhistoria gjennom Arild Rein, Frode Grytten og Linn Strømsborg sine bøker.

I Arild Rein sine bøker, både i Stavangertriologien og hans siste St. Olavskomplekset, møter lesarane eit mørkt Stavanger. Ein by korrumpert av oljeindustrien og kapitalismen, der forfall og undergang rår. Forfattarskapen hans inneheld ei kritisk analyse av Stavanger og det norske samfunn, med spesielt fokus på oljeeventyret.
 
I Linn Stømsborg sin roman Furuset flytter ei ung jente midlertidig heim igjen til blokkene på Furuset etter nokre år ute. Her bur familien og dei gamle venene, men likevel kjenner ho seg framand. Boka er ei kjærleikserklæring til den ein ein gang var, ei historie om stadene vi kjem frå og har lyst til å rømme frå, og om etterpå å finne ut at man eigentleg ikkje ville rømme frå staden, men frå seg sjølv.

Du kan ta Grytten ut av Odda, men aldri Odda ut av Grytten. Frode Grytten har meir enn nokon annan skrive Odda inn i litteraturhistoria. I Bikubesong, Flytande Bjørn, og sist i Saganatt har han lagt handlinga til heimstaden sin. 

Alle tre teiknar dei eit portrett av ein stad, den reelle og den tenkte. Vi har samla dei tre til ein samtale om moderne heimstaddikting, om fysisk og mental geografi og om romanar som historieforteljarar. 

Ordstyrar er Erlend O. Nødtvedt.    

MERK: ARRANGEMENTET ER FLYTTA TIL IRIS SCENE, IKKJE PÅ BIBLIOTEKET SOM FØRST ANNONSERT.

Pris

100,-

Dato og tid

09.10 kl. 16:00

Sted

IRIS SCENE

Medverkande

FRODE GRYTTEN
FRODE GRYTTEN
LINN STRØMSBORG
LINN STRØMSBORG
ARILD REIN
ARILD REIN