Ideen om dommedag og undergang er ein av dei eldste litterære tematikkane som finst. Undergangen er skildra i dei religiøse tekstane og i dei tidlege mytane. Den er også til stades i sentrale verk i skandinavisk samtidslitteratur.
Forfattar og biletkunstnar Leander Djønne har vunne mange lesarar, og hausta kritikarros og P2-lytternes romanpris med debutromanen Oskespiralen, som kom i fjor. Romanen krinsar om to brør og ein valdeleg og grusom far, om religion, hemn, arv og mørkre i generasjonar. Men óg om naturen som omkransar familien, om ura som trugar med å losne over heimgarden, og forteljinga har fleire mytiske dommedagskonnotasjonar.
Danske Kaspar Colling Nielsen har vorte berømd over landegrensene for sine bøker, som særskilt krinsar om dystopi og samfunnsmessig samanbrot. Gjennombrotsromanen Den danske borgerkrig 2018-2024 fortel om ein økonomisk motivert borgarkrig i Danmark. I fjorårets bok, Frelseren fra Hvidovre, har samfunnet kollapsa i ei blanding av klimakrise, økonomisk krise og nye koronamutasjonar. Når dommedag først er her, kva er vegen ut?
Leander Djønne og Kaspar Colling Nielsen møter kritikar Elise Winterthun til samtale.